Feiing og tilsynLytt til tekstenStopp avspillingTenester knytt til feiing og tilsyn er lagt til Øygarden brann og redning. Feiing Øygarden brann og redning utfører feiing og tilsyn med fyringsanlegg i bustader og fritidsbustader. Feiing av røykpiper skjer stort sett frå tak, men nokre eldre hus har eiga feieluke på loftet. Sot frå pipa samlar seg nedst i pipa og blir teken ut frå sotluka. Feiing er normalt lagt til perioden april - september. Registrere ny eldstad Dersom du har montert ny eldstad, skal melding om dette sendast Øygarden brann og redning. Pris Feie og tilsyn Feiing - gebyrsatsar Gebyr 2025 Vanleg hus og fritidseigedomar 466 Industripipe 1 160 Feiing etter oppdrag 1 560 Publisert 24.10.2019 14.14 Sist endra 06.01.2025 08.00