Booking byggesaksvakta

Du kan reservere tid for telefon-, nettmøte eller fysisk møte med byggesaksvakta. 

Book møte med byggesaksvakta

Du kan booke møte med byggesaksvakta på følgjande måte:

  • Telefonmøte
  • Nettmøte (Microsoft Teams)
  • Fysisk møte på innbyggartorg, Straume (berre onsdagar)

Du veljar møteform i registreringsskjema.

Møtetidspunkt

Måndag, onsdag og fredag mellom kl. 12.00 - 15.00.

Møtelengde er 15 minuttar.

Kva kan eg få hjelp til?

Vakta kan svare på enkle spørsmål som ikkje krevjar særleg førebuing i inntil 15 minuttar. Dersom spørsmålet ikkje er av enkel karakter, lyt ein tinge ei førehandskonferanse

Døme på rettleiing i møte:

  • Planstatus for din eigedom
  • Byggesaksreglar 
  • Søknadsreglar 

På desse møta vil vi ikkje rettleie i konkrete byggesaker eller konkrete løysingar, men gi rettleiing om korleis du skal gå fram i saka, krav til dokumentasjon og kor du finn informasjon om planstatus og regelverk. Møtet erstattar ikkje førehandskonferansar eller innsyn. Du finn informasjon om desse tenestene her

Korleis avtaler eg møte med byggesaksvaka?

Du vel type teneste, tidspunkt og fyller inn informasjon i skjemaet du finn på knappen under. 

Reserver møte med byggesaksvakta

Korleis avlyser eller flyttar eg ein avtale?

Møtet vert stadfesta via e-post. Her kan du avlyse og endre møtetidspunkt under "Planleggje på nytt" lenkja/knappen.

Har du spørsmål i pågåande sak?

Byggesaksvakta er ikkje meint for spørsmål i pågåande saker. I slike saker kan du sende e-post til postmottaket eller ta kontakt med saksbehandlaren din på e-post eller på telefon i telefontida, som er tysdag og torsdag mellom kl. 09.00 - 15.00.