Deling/oppretting av eigedom
Ønskjer du å dela av din eigedom, må du søkja kommunen om løyve. Kommunen tek oppmåling av tomta, og gjev den eit eige gards- og bruksnummer i matrikkelen, før det vert sendt melding til tinglysing.
Slik søkjer du
Du søkjer om frådeling av eigedom ved å fylla ut søknadsskjema, søknad om tilråding til tiltak utan ansvarsrett.
Søk om frådeling
Dokumentasjon til søknad
Når du skal senda ein søknad om oppretting (deling) av eigedom er det viktig at vi får all den informasjonen vi treng for å behandla søknaden din.
Dokumentasjon som må være med søknaden
Anna dokumentasjon som kan vera relevant til søknaden
- Søknad om dispensasjon
- Avkøyringsplan
- Erklæring eller avtalar om vegrett, ledningar og nødvendig vedlikehald som går over andre eigedomar
- Eventuelle erklæringer om at eigedom (den opphavlege eigedomen) gjer frådelt (ny) eigedom rett til veg, vatn- og avløpsledningar og eventuelt vedlikehald må også leggjast ved.
Søknadsskjema og beskrivelse av dokumentasjon
- Bestill naboliste via Infoland
- Fyll ut elektronisk nabovarsel ut frå mottatt naboliste over. Det skal også leggjast ved eit situasjonskart som viser ønskja grense i utsendinga.
- Dersom du søkjer dispensasjon frå arealplan, må du hugse å opplysa om det i nabovarselet. Andre som blir direkte berørt av delinga skal også varslast og gjes moglegheit til å uttale seg.
- Dersom du får merknadar frå naboar, skal du senda desse til kommunen saman med søknaden.
- Naboar og gjenbuarar har to veker på å komme med merknadar. Det må ikkje gå meir enn ett år frå ein sender nabovarselet til kommunen mottar din søknad. Dersom det går meir enn ett år, må du senda ut nytt nabovarsel.
- Fyll ut elektronisk nabovarsel
- Fyll ut skjema Kvittering for nabovarsel
For å få tinglyst og registrert eiendommen i matrikkelen (eiendoms registrert) må det rekvireres oppmålingsforretning. Oppmålingsforretning vil bli holdt etter at fradelingen er vedtatt.
Fyll ut skjema:
Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring
Utsett oppmålingsforretning må begrunnast med eigen søknad.
Dersom frådelinga krev opparbeidelse av ny avkøyrsel eller utvida bruk av eksisterande avkøyrsel frå fylkesveg eller riksveg.
Søk om ny eller endring av avkjørsel
For meir informasjon om avkøyring frå offentlig veg (lenkje til eigen side)
Nyttig tips!
Søk gjerne om endring eller ny avkjøring før søknaden om frådeling leverast. Vi kan ikkje godkjenne din søknad om frådeling før søknaden din om avkøyring er behandla og godkjend.
Dersom søknaden ikkje oppfyller plan- og bygningslovens bestemmelsar, eller er i strid med gjeldande plangrunnlag, er deletillatelse betinga av dispensasjon, sjå plan- og bygningsloven §§ 19-1 og 19-2.
Sjekk planar og bestemmelsar for din eigedom
Før du byggjer, riv eller endrer må du sjekke kva planar og bestemmelsar som gjeld for din eigedom. Planar og bestemmelsar er avgjerande for kva du kan gjere av endringar og kva du kan bruke bygget på din eigedom til.
- Finn kva plan som gjeld for din eigedom
- Du må også søkje om dispensasjon dersom omsøkte delelinje(r) ikkje er i samsvar med gjeldande reguleringsplan. Du må begrunna dispensasjonssøknaden skriftlig og leggja ved søknaden.
Skal du dele frå ein landbrukseigedom treng du løyve etter jordlova. For meir informasjon om jordlova sjå her.
Send inn søknad
Søknad med vedlegg skal sendast til kommunen på e-post eller per post:
Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong
Pris for oppmåling
Her finn du prisar for oppmåling
Sist endra 05.08.2024 13.51