Bestill kart og eigedomsinformasjon

Papirkart kan du få ved å venda deg til Øygarden innbyggartorg og bibliotek på Straume, i Skogsskiftet eller på Rong. Det kostar 40 kroner per kart A3 og A4.

Digitale kart, arealplanar, vektordata, byggjemeldingar, matrikkelkart med koordinatar, ortofoto med meir kan ein tinga gjennom desse portalane:

Prisar vert automatisk rekna ut frå valt produkt og eventuelt etter areal for enkelte produkt.

Leveringstid og prioritering av ordre

Standard leveringstid er 10 virkedagar. Dette vert forlenga til 15 virkedagar ved sommar- og juleferie. 
Me leverer ordre så snart som mogleg og tek dei etter kvart som dei kjem inn. Me har ikkje høve til å prioritere ordre framføre andre. Nokre ordre tek lengre tid å levere då det er dokument som må hentast fram frå ulike arkiv, også fysiske arkiv.