Sjekkliste før melding
Dette bør du sjekke før du sender melding om ulovleg byggetiltak:
- Snakk med naboen din eller den det gjeld først. Spør om det er gitt løyve til tiltaket som byggast, eller om det som byggast er unntatt søknadsplikt etter plan- og bygningsloven.
- Sjekk i saksinnsyn om det er gitt løyve til arbeidet. Ta kontakt med kommunen om du er i tvil.
- Sjekk om tiltaket kan vere unntatt søknadsplikt.
Meiner du at tiltaket framleis er ulovleg etter at du har gjort desse undersøkingane, kan du melde inn forholdet til kommunen som er lokal byggemynde.
Slik melder du ifrå
Meld ifrå via skjema dersom du trur det ikkje er gitt løyve og du mistenker at tilfellet er ulovleg.
Meld inn ulovleg byggetiltak
I skjemaet må du gi følgjande informasjon:
- adresse, gards- og bruksnummer eller presis skildring av staden
- skildring av det du meiner er ulovleg
Meldar kan vere anonym. Dersom du gir opp namn og kontaktinformasjon kan vi innhente opplysningar frå deg ved behov og informere om oppfølging av saka
Melding om ulovleg byggetiltak kan også sendast per e-post eller vanleg brevpost. Kontaktinformasjon til kommunen står nedst på sida.
Kva kostar det?
Det er ikkje gebyr for behandling av melding om ulovleg byggetiltak.
Behandling av meldinga
Du vil få skriftleg stadfesting av kommunen når meldinga er motteke. Vi gjer merksam på at vidare saksgang vil vere ei sak mellom kommunen og den ansvarlege for det ulovlege byggetiltaket.
Saka blir prioritert ut frå kommunen sin strategiplan for tilsyn etter plan- og bygningsloven, og fordelt til ein saksbehandlar for vidare oppfølging etter kapasitet.
Kva blir ikkje følgt opp?
Kommunen følgjer berre opp byggetiltak som er i strid med plan- og bygningsloven, og vil difor ikkje følgje opp:
- byggetiltak som ikkje er omfatta av plan- og bygningsloven
- byggetiltak som er unntatt søknadsplikt
- ulovlege byggetiltak som blir vurdert å vere av mindre betydning
Oppfølging av ulovlege byggetiltak
Kommunen vil ta kontakt med den ansvarlege når det er grunn for å undersøkje saka nærmare.
Den ansvarlege vil bli orientert om kva som er ulovleg og om kommunen si vidare oppfølging av saka.
Det vil normalt vere mogleg å søke om løyve i etterkant slik at byggetiltaket kan bli lovleg, og søknaden vil bli behandla etter gjeldande regelverk.
Blir ikkje byggetiltaket søkt om, eller søknad blir avslått, må byggetiltaket tilbakeførast for ikkje å vere i strid med plan- og bygningsloven.
Kommunen kan gi pålegg om tilbakeføring med trussel om tvangsmulkt dersom den ansvarlege ikkje retter byggetiltaket frivillig.
Pålegg om retting, ilegging av tvangsmulkt og lovbrotsgebyr er enkeltvedtak som blir varsla av kommunen i forkant. Enkeltvedtak kan klages på til Statsforvaltaren i Vestland.