Klage på forureining og forsøpling

Du kan klage på forureining og forsøpling.

Akutt forureining

Akutt forureining skal meldast til vakttelefonen til Øygarden brann og redning 934 41 998.

Dersom det gjeld akutt forureining knytta til utbygging av Sotrasambandet, ber vi om at  tilhøvet også vart meldt direkte til Sotra Link via følgende kontaktskjema: Kontakt - Sotra Link

Søppelspann

Forsøpling rundt private søppelspann og ved returpunkt skal meldast til ØyVAR

Anna forureining og forsøpling

Annan forureining og forsøpling til dømes ulovleg deponering av avfall, etterlatte biler og båtvrak, skjemmande avfall eller forsøpling, forureining som er til fare for natur og miljø eller open brenning av avfall, kan dette meldast til kommunen. Når du opnar skjemaet vil du får spørsmål om du vil vere anonym eller oppgje namn.

Skjema for klage på forureining og forsøpling

Det er viktig at du melder om nøyaktig stad (gjev opp adresse/GBNR eller kryss i kart). Legg gjerne ved bilete.