Du kan henta ut gratis «Vi ryddar strendene i Hordaland» strandryddesekker hos ØyVAR, BIR, NGIR eller hjå BOF.
Forsøpla strender finn du på www.holdnorgerent.no og i Bergen og Omland Friluftsråd sitt strandryddekart.
I strandryddekartet finn ein sannsynlegheitsmodellen frå Havforskningsinstituttet som viser kvar det marine avfallet samlar seg. Du kan sjølv registrera nye område i kartet som viser kvar det bør ryddast og når det er rydda.
Når du er ferdig å rydda kan strandryddesekkene leverast kostnadsfritt på gjenvinningsstasjon hjå ØyVAR, BIR og NGIR.
Ønskjer du å planleggja ein større ryddeaksjon?
Send ein e-post til marintavfall@bof.no dersom du ønskjer eller har behov for hjelp til koordinering og eventuelt henting av det eigarlause avfallet.
Publisert 22.08.2019 11.33
Sist endra 07.06.2024 08.47