ArealoverføringLytt til tekstenStopp avspillingArealoverføring er overføring av areal mellom eigedomar med felles grense utan at arealet vert oppretta som ein eigen eigedom.Vilkår for arealoverføringDet må liggja føre løyve frå kommunen til arealoverføring etter plan- og bygningslova og eventuelt jordlova.Det må liggja føre nødvendige erklæringar om overdraging av eigedomsrett, pantefråfall og konsesjonar for det aktuelle arealet.For mindre endringar av areal (inntil 5 prosent) vert det gjennomført grensejustering.Krava til pantefråfall ved arealoverføring er dei same som ved samanslåing av eigedomar. Dette vert gjort for å hindra prioritetskollisjonar mellom heftingar. Les meir om samanslåing og prioritet på nettsidene til Kartverket.Dersom det er tinglyst ein urådigheit på den avgjevande eigedomen, må samtykke frå rettighetshavaren leggjast ved.Ved arealoverføring mellom landbrukseigedomar, må det gjevast samtykke etter jordlova §12. I slike tilfelle må konsesjon eller eigenerklæring om konsesjonsfrihet følgja søknaden. Les meir om konsesjon og landbrukseigedom. Slik søkjer duDu søkjer om arealoverføring av eigedom ved å fylla ut søknadsskjema, søknad om tilråding til tiltak utan ansvarsrett.Søk om arealoverføringDokumentasjon til søknadNår du skal senda ein søknad om oppretting (deling) av eigedom, er det viktig at vi får all den informasjonen vi treng for å behandla søknaden din.Dokumentasjon som må væra med søknadenNabovarsel SituasjonskartRekvisisjon av oppmålingsforretning Anna dokumentasjon som kan vera relevant til søknadenSøknad om dispensasjon Avkøyringsplan Erklæring eller avtalar om vegrett, leidningar og nødvendig vedlikehald som går over andre eigedomarEventuelle erklæringr om at eiendom (den opprinnelige eiendomen) gjer frådelt (ny) eigedom rett til veg, vatn- og avløpsleIdningar og eventuelt vedlikehald må også leggjast ved.Søknadsskjema og skildring av dokumentasjon Nabovarsel Bestill naboliste via Infoland Fyll ut elektronisk nabovarsel ut frå mottatt naboliste over. Det skal også leggjast ved eit situasjonskart som viser ønskja grense i utsendinga. Dersom du søkjer dispensasjon frå arealplan, må du hugse å opplysa om det i nabovarselet. Andre som blir direkte berørt av delinga skal også varslast og gjes moglegheit til å uttale seg. Dersom du får merknadar frå naboar, skal du senda desse til kommunen saman med søknaden. Naboar og gjenbuarar har to veker på å komme med merknadar. Det må ikkje gå meir enn ett år frå ein sender nabovarselet til kommunen mottar din søknad. Dersom det går meir enn ett år, må du senda ut nytt nabovarsel. Fyll ut elektronisk nabovarsel Fyll ut skjema Kvittering for nabovarsel Korleis får eg situasjonskart? Her finn du informasjon om situasjonskart Rekvisisjon av oppmålingsforretning For å få tinglyst og registrert eiendommen i matrikkelen (eiendoms registrert) må det rekvireres oppmålingsforretning. Oppmålingsforretning vil bli holdt etter at fradelingen er vedtatt. Fyll ut skjema: Rekvisisjon av oppmålingsforretning og matrikkelføring Utsett oppmålingsforretning må begrunnast med eigen søknad. Når må eg ha ein avkøyringsplan Dersom frådelinga krev opparbeidelse av ny avkøyrsel eller utvida bruk av eksisterande avkøyrsel frå fylkesveg eller riksveg. Søk om ny eller endring av avkjørsel For meir informasjon om avkøyring frå offentlig veg (lenkje til eigen side) Nyttig tips! Søk gjerne om endring eller ny avkjøring før søknaden om frådeling leverast. Vi kan ikkje godkjenne din søknad om frådeling før søknaden din om avkøyring er behandla og godkjend. Når må eg søkja om dispensasjon? Dersom søknaden ikkje oppfyller plan- og bygningslovens bestemmelsar, eller er i strid med gjeldande plangrunnlag, er deletillatelse betinga av dispensasjon, sjå plan- og bygningsloven §§ 19-1 og 19-2. Sjekk planar og bestemmelsar for din eigedom Før du byggjer, riv eller endrer må du sjekke kva planar og bestemmelsar som gjeld for din eigedom. Planar og bestemmelsar er avgjerande for kva du kan gjere av endringar og kva du kan bruke bygget på din eigedom til. Finn kva plan som gjeld for din eigedom Du må også søkje om dispensasjon dersom omsøkte delelinje(r) ikkje er i samsvar med gjeldande reguleringsplan. Du må begrunna dispensasjonssøknaden skriftlig og leggja ved søknaden. Deling av landbrukseigedom Skal du dele frå ein landbrukseigedom treng du løyve etter jordlova. For meir informasjon om jordlova sjå her. Send inn søknadSøknad med vedlegg skal sendast til kommunen på e-post eller per post:Øygarden kommuneTernholmvegen 25337 RongPris for oppmålingHer finn du prisar for oppmåling Sist endra 27.08.2024 08.30