Kva kan rettast?
Du kan krevja å få retta, endra eller tilførd opplysningar om eigedomen din i matrikkelen. Dette gjeld:
- feil og manglar ved eksisterande grenser
- feil og manglar ved opplysningar om bygningane på eigendommen din
Vi tek her for oss korleis du kan få retta grenser for din eigedom.
NB! Ei retting vil ikkje føre til ei reell endring av grenser for involverte eigedomar. Det vil framleis vera skyldskifte (eller anna dokumentasjon) som er gjeldande for eigedomen sjølv om det er utført ei retting som naboane er samde i. For endring av grenser – sjå grensejustering eller arealoverføring.
Kven kan sende inn krav?
Eigar eller festar kan sende inn krav om retting for sin eigedom.
Vilkår
- Kravet må vera dokumentert. Det må det koma tydeleg fram at retting vil føre til at opplysningane om eigedomen din vert meir riktige.
- Det må vera semje mellom partane om grense-/eigarforhold. Ved usemje vil ikkje ei retting føre fram.
- Det er ikkje anledning til å rette opplysningar som er fastsett i ei oppmålingsforretning. Det vil sei at grenser med god kvalitet (grøne linjer) kan ikkje rettast på. Unntak; feilregistrering (matrikkellova §26 tredje ledd).
Dokumentasjon
Innsendt krav må vera dokumentert. Dokumentasjonskravet er lagt til den som krev retting, og ikkje til kommunen som lokal matrikkelmyndigheit.
Døme på dokumentasjon er skyldskifte, jordskiftekart med protokoll, avtale, andre kart eller dokument som syner kvar grensene går.
Slik sender du inn krav om retting
Fyll ut skjema og legg til føljande vedlegg:
Sende inn krav om retting (DOCX, 42 kB)
- Skyldskifte eller annan relevant dokumentasjon
Skyldskifte kan du bestille hjå Kartverket eller Statsarkivet i Bergen. Eigedomar som er oppretta før 1950 ligg hos Statsarkivet.
Kartverket: Kopi av tinglyst dokument | Kartverket.no
Statsarkivet: Digitalarkivet - Kart
Legg ved eit kart som tydeleg syner kva du ønsker å rette.
Du kan bruka kommunen si kartteneste Øygarden kart (kommunekart.com). Her er det mogleg å måle og teikna direkte i kartet. Ei anna kartløysing som kan nyttast er Norgeskart. - Godkjenning frå berørte partar
Vi ber om at de sender med signatur frå partane som godkjenner rettinga.
Krav om retting sendast til
Føring av krav om retting
Ved retting i matrikkelen, vert grensepunkt/-linjer lagt inn med dårleg kvalitet slik det kjem fram av kravet. Matrikkelførarar teiknar direkte på skjerm ut frå innsendt kart/filer, det er ingen oppmøte på ute på plassen. Plassering av eigedomsgrensene og storleiken på eigedomen vil dermed ikkje verta nøyaktig i kartet, men vil vise ein meir riktig situasjon enn før rettinga.
Underretting
Etter utført retting vil dei involverte få tilsendt informasjon med kart.
Lovverk for retting i matrikkelen
Matrikkellova §26 og matrikkelforskrift §10 har reglar om retting i matrikkelen.
Avslag på krav om retting
Dersom kravet ikkje er tilstrekkeleg dokumentert, eller om partane ikkje er samde om rettinga, kan kommunen avslå kravet. Ved avslag på krav om retting vil dei involverte partane verta underretta om dette. Eit slikt avslag gjev klagerett i samsvar med matrikkellova § 46. Meir informasjon vert sendt ut med eit eventuelt avslag.
Gebyr
Retting i matrikkelen er ikkje gebyrbelagt.
Oppmålingsforretning
Dersom ein ynskjer god kvalitet (koordinatfesta) grensepunkt/linjer og nøyaktig areal, må ein rekvirera ei oppmålingsforretning. Klarlegging av grenser ved ei oppmålingsforretning er den anbefalte måten å få oppdatert grenser i matrikkelen. Les meir om klarlegging av eksisterande grenser.