Samanslåing av eigedomar

Eigendomar med like eigarar og like heftelser kan slås saman.

Krav for samanslåing

  • Eigedomane må liggja i same kommune
  • Eigedomane  må ha same heimselshavarar (eiere)
  • Samanslåing kan ikkje gjennomførast dersom det vil føre til prioritetskollisjon  mellom eigedommane (dersom dei har ulike tinglyste pengeheftingar). I desse tilfella må det ryddast opp i heftingar. Les meir om samanslåing og prioritet hos Statens kartverk

Slik søkjer du 

Du søkjer om samanslåing av eigedomar ved å fylla ut søknadsskjema krav om samanslåing av tinglyste matrikkeleiningar på nettsidene til Statens kartverk. 

Søknad om samanslåing av eigedomar

Send inn søknad

Søknad skal sendast til kommunen på e-post eller per post:

Øygarden kommune
Ternholmvegen 2
5337 Rong

Oppmålingsvakta
E-post
Telefon 55 09 73 98


Opningstid oppmålingsvakta
Måndag og torsdag
kl 12.00-15.00

Svar på spørsmål
Her kan du få svar på spørsmål om
oppmålingsforretningar, eigedomsgrenser
og grensejusteringar.