ReseksjoneringLytt til tekstenStopp avspillingReseksjonering er å endra ein allereie seksjonert eigedom. Dersom det er ønske om endring for ein seksjonert eigedom, må det søkjast om reseksjonering.Slik søkjer du Du søkjer om reseksjonering ved å fylla ut søknadsskjema, søknad om seksjonering Søknad om reseksjoneringSjå rettleiing til utfylling av søknadsskjema for reseksjoneringDu skal berre føra opp seksjonar som skal endrast. Kven som skal signera søknadsskjemaet, varierer etter kva de ønskjer å endra. Sjå oversikt over kven som skal signera søknadsskjemaetDokumentasjon til søknad Eksisterande tinglyst seksjoneringsøknad. Både situasjonsplan og planteikningar. Dette tingar du hjå Kartverket Situasjonskart over eigedomen som viser eigedomsgrenser og busetnad på eigedomen. Les meir og bestill situasjonskart Planteikningar over alle etasjane i bygninga, inkludert kjellar og loft der det vert gjort endringar mellom brukseiningar og fellesareal. Teikningane skal tydeleg visa dei nye grensene for brukseiningane av dei enskilde romma.Send inn søknadSøknad med vedlegg skal sendast til kommunen:Øygarden kommuneTernholmvegen 25337 RongSøknaden skal leverast i to eksemplar, alle i orginal då det er krav til orginale signaturar vidare mot tinglysinga.Seksjonering av utearealSjå eiga side for seksjonering av utearealPris for oppmålingHer finn du prisar for oppmåling Sist endra 19.04.2021 09.52