Kva kan du som innbyggjar gjera for trafikksikring og trivsel i nærmiljøet ditt?
Store buskar og tre skal plasserast minst 2 meter innanfor tomtegrensa.
Hekkar og busker skal plasserast minst 1 meter innanfor tomtegrensa.
Hekk og buskar bør vekse innanfor eigen eigedom. Dersom du har busker eller tre som strekker seg utover grensa, skal du sjå til at vegfarande har fri høgd over seg.
Krav til høgd er som følgjer
- Over gang- og sykkelveg 3,2 meter
- Over køyrebane 4,8 meter
Du som har avkøyrsle frå kommunal veg skal sørgje for tilstrekkelig frisikt mot den kommunale vegen.
Oversikt over frisiktsoner:
(Dersom ikkje anna er oppgjeve i reguleringsplan)
- 30 km/t - minimum 4 x 30 meter
- 50 km/t - minimum 4 x 50 meter
- 60 km/t - minimum 4 x 64 meter
- 80 km/t - minimum 4 x 102 meter
4 meter er målt frå vegkant og inn i avkøyrsla, og 30/50/64/102 meter er målt i begge retningar langs den kommunale vegen.
Innanfor frisiktsona skal du sørgje for at ikkje noko hinder overstig 50 cm over den kommunale vegen.
Dersom du har hjørnetomt mot kommunal veg, skal ikkje noko hinder overstige 50 cm i høgd målt innanfor frisiktsona i vegkrysset. Reguleringsplan for området viser omfanget av frisiktsonene.
Dersom det ikkje føreligg reguleringsplan, bør du kontakte eigedomssjefen og/eller anna vegmynde for å få nærare opplysningar om krav til sikt i aktuelt kryss.
For å oppretthalde god sikt er det viktig å tenkje over trea og buskene si utvikling over tid før ein kjøper inn og plantar dei. På dette viset kan ein førebyggje problem med sikt og seinare vedlikehald.
Grunneigar er sjølv ansvarleg for til ei kvar tid å halda hekkar, busker og tre innanfor eigne eigedomsgrenser og i tråd med retningslinjene.
Planter veks ulikt avhengig av lokalt klima og jordsmonn. For nærare informasjon om dette kan ein kontakte eit gartneri, hagesenter eller ein anleggsgartnar.
Som hovudregel byrjar kantklippinga langs kommunale vegar i oktober - når vekstsesongen er over - og vert sluttført rundt juletider. Utstyret er grovt maskinelt og eignar seg difor svært dårlig i bustadområde.
Vi ser det difor som ei føremon at grunneigarane sjølve tek ansvar i slike område.
Sist endra 29.06.2020 08.53