Badeplassar

I Øygarden har vi seks offentleg tilrettelagde badeplassar, utstyrt med toalett, bord og benker, bosspann og offentleg ettersyn. 

Offentlege tilrettelagde badeplassar

Andre badeplassar som ikkje er offentleg tilrettelagde

Heilårsbading/sauna

Heilårsbading har vorte meir og meir populært dei siste åra, og fleire tek seg ein dukkert uavhengig av kva dato kalenderen viser. Mange nyttar seg av ein av Øygarden sine offentlege tilrettelagde badeplassar, eller hoppar frå eit skjer eller ein kai med redningsstige. Dei siste åra har det òg dukka opp fleire flytande saunaer som tilbyr dampande varme mellom dukkertane. Vinteren på vestlandet kan likevel som me veit vera våt, med mykje nedbør og veldig ofte i form av regn. Dette kan by på nokre utfordringar med tanke på vasskvaliteten.

Helserisiko ved friluftbading

Øygarden kommune tek bakterielle prøvar fem gonger i badesesongen (mai-september) av 10 badeplassar i kommunen i 2024. Dette gjeld:

  1. Ovågen ved kystmuseet
  2. Hildalsvatnet, Oen
  3. Ormhilleren, Rong
  4. Kvernavatnet, Ågotnes
  5. Smivågen, Tyssøyna
  6. Smånipatjørnet, Kausland
  7. Vorlandsvatnet, Vorland
  8. Bildøystranda, Søre Bildøyna
  9. Skogavatnet, Sotra Arena
  10. Skiftedalsvatnet, Foldnes kyrkje

I Øygarden kommune er risikoen for å bli sjuk ved bading normalt liten. Kommunen overvaker 10 badeplassar ved å ta badevassprøvar som testast for e.coli og Intestinale enterokokkar. Du kan sjå oversikta over stadene i lista over. Kommunen overvaker derimot ikkje badevatnet andre stadar enn desse 10 badeplassane, og det er difor viktig at du gjer di eiga vurdering av om det er trygt å bada andre stadar. Til dømes kan det vera høge konsentrasjonar av bakteriar i sjø eller vatn der det er mykje dyr eller fugl som oppheld seg. Dette kan til dømes vera i strandkanten på dammar/bukter/våger med lite vassutskifting. Det er då spesielt små barn som er mest utsette for å bli sjuke, då dei oppheld seg i strandkanten og gjerne et sand og drikk forureina vatn. Les mer om helserisiko ved friluftsbading her.

Sjuk etter bading?

Vi vil høyra frå deg om du mistenkjer at du har blitt dårleg eller sjuk etter bading. Meld dette til postmottak@oygarden.kommune.no og merk e-posten med «til Kommuneoverlegen - sjukdom ved friluftsbading». 

Mykje nedbør = dårleg vasskvalitet

Store nedbørsmengder (over 30-40 mm) vil som regel gje mellombels dårleg vasskvalitet. Dette betrar seg som regel etter eitt til to døger. Les meir om dårleg badevasskvalitet ved mykje nedbør her.

Badetemperatur

Det vert ikkje tatt rutinemessige målingar av badevasstemperaturen, men vi måler og registrerer temperaturen ca. ein gang pr. månad i samband med prøvetaking av badevasskvaliteten (bakterieprøvar). Dette vert registrert hjå yr.no.