Dårleg badevasskvalitet ved mykje nedbør

Vasskvaliteten kan variera veldig frå dag til dag, og etter større mengd styrtregn (30-40 mm) er sjansen for dårleg badevasskvalitet høgare enn vanleg.

Høgare bakterieverdiar kan då finnast i kortare periodar, men vil som regel vera god igjen etter eit døger eller to. Det kan derfor vera lurt å unngå bading etter dagar med store nedbørsmengder. Dette gjeld spesielt i tettbygde strøk . Regnvatnet vil da dra med seg forureining frå land på sin veg ned til sjø/vatn (for eksempel avføring frå dyr, olje- og drivstoffrestar frå veg).  Fortynna avløpsvatn kan også gå i overløp om røyrkapasiteten blir for liten. Det blir derfor gjerne høgare bakterieverdiar i badevatnet rett etter kraftig nedbør.

Når nedbøren opphøyrer og forureininga ikkje lenger vert tilført badevatnet, betrar tilhøva seg raskt. Som regel vil vasskvaliteten vera god igjen eitt til to døger etter regnskyllet.

Dersom badevassprøvane skulle gje resultat som tilseier at kommunen ikkje kan tilrå bading, vil dette bli informert om i media, på nettsida til kommunen og ved den enkelte badeplassen. Det vil også takast oppfølgingsprøver.