Helserisiko ved friluftsbading

I Norge er risikoen for å bli sjuk ved bading normalt liten. Ein del områd mottek mellombels utslepp av avløpsvatn frå omkringliggjande busetnad, industri eller jordbruk, noko som kan føra til overføring av smittsame sjukdomar og framkalling av allergiske reaksjonar.

Symptom på sjukdom forårsaka av forureina badevatn kan vere ulike infeksjonar som mage- og tarminfeksjonar, men også luftvegsinfeksjonar, øyre/auge- infeksjonar. Om du mistenkjer at du har vorte smitta av bading i sjø eller vatn kan du melda dette til postmottak@oygarden.kommune.no og merk e-posten til Kommuneoverlegen med emne: sjukdom ved friluftsbading.

Badevassprøvane vert testa for E.coli og Intestinale enterokokkar. E.coli finst i avføring til menneske, dyr og fuglar. Dersom ein finn E.coli i tyder det på at det er ei ny eller pågåande forureining av vatnet. Intestinale enterokokkar finst også i avføring hjå menneske, men i lågare tal enn E.coli. Bakterien veks ikkje i vatn, men overlever lengre enn E.coli. Dersom ein finn intestinale enterokokkar, men ikkje E.coli, kan det tyda på at det har vore ei forureining av vatnet. E.coli og intestinale enterokokkar forårsakar normalt ikkje sjukdom, men indikerer at det kan vera andre sjukdomsframkallande bakteriar, virus og parasittar i vatnet. 

Dersom ein av badevassprøvane skulle gje resultat som tilseier at kommunen ikkje kan tilrå bading, vil dette bli informert om i media, på nettsida til kommunen og ved den enkelte badeplassen. Det vil også takast oppfølgingsprøver.

Symjekløe

Prøvane vi tek kan ikkje seia noko om det er ikter i vatnet. Ikter er parasittar som kan gje symjekløe. Parasitten er ofte på grunt ferskvatn, der det er vassplanter, etter lange varmeperiodar. Den leiter etter andefuglar og er rekna som ufarleg for menneske, men nokre kan få ein allergisk reaksjon som gjev mykje utslett. Det er meldt om ikter i Signalvatnet i 2023, elles har me fått få meldingar om ikter i Øygarden. Sjå meir om ikter her.

Blågrønalger/cyanobakteriar

Det som vert kalla blågrønalger er eigentleg cyanobakteriar. Dei kan bløme opp i næringsrike ferskvatn og produsera giftstoff. Ein kan sjå dei som blågrøne, grøne, gulgrøne eller rødgrøne flak eller belte langs vasskanten. Ved store mengder kan heile vatn bli misfarga. Ein kjenner ikkje til at menneske i Norge er forgifta av denne algen, men husdyr kan døy av cyanobakteriar. Hundar er særleg utsette. Prøvane vi tek kan ikkje seia noko om verdiar av cyanobakteriar. Vi har ikkje fått melding om algeoppblomstring i vatn i Øygarden så langt i år. Les meir om cyanobakteriar her.