BandtvangLytt til tekstenStopp avspillingSom hundeeigar er det viktig at du alltid har hunden under kontroll, både i bandtvangstida og elles. Slik vernar du ville og tamme dyr, og unngår å skremma andre menneske. Det er generell bandtvang i Øygarden kommune f.o.m. 1. april t.o.m. 20. august. For den del av Øygarden kommune som tidlegare var Fjell kommune er det fastsett andre tidspunkt for bandtvang av hund i lokal forskrift om sikring av hund. For denne delen av kommunen skal hundar haldast i band, forsvarleg inngjerda eller innestengt i tida frå og med 1. april til og med 10. oktober. I tillegg skal hundar haldast i band, forsvarleg innestengt eller inngjerda heile året i og i tilknyting til bustadområde og handleområde i parkar, på kyrkjegardar, grav- og urnelundar, på og ved skolar, barnehagar, offentlege badeplassar, anlegg for leik, idrott og sport på Fjell gard gnr. 56 og 57, Kleivane gnr. 58, Tveita gnr. 7, Ulveset gnr. 8, Skoge gnr. 10 i området nord for Signalen Sist endra 05.07.2023 12.20