Bergen og Omland Friluftsråd
Bergen og Omland Friluftsråd (BOF) er eit interkommunalt samarbeidsorgan med 12 deltakarkommunar i Bergensregionen: Askøy, Austevoll, Austrheim, Bergen, Bjørnafjorden, Alver, Samnanger, Tysnes, Øygarden, Vaksdal, Kvam og Osterøy.
- Friluftsrådets oppgåve er å etablere nye friluftsområde, leggje til rette og holde dei ved like slik at alle kan bruke dem.
- BOF skal også arbeide for større forståing for friluftslivets betydning, bedre friluftskultur og utbredelsen av friluftsliv.
- Rådet samarbeider med deltakarkommunane, offentlege etatar på ulike nivå og interesserte organisasjonar.
Skjærgårdstenesten – drift og tilrettelegging for friluftsliv
Skjærgårdstenesten er eit samarbeid mellom kommunar, fylkeskommunar, statlege myndigheiter og friluftsrådene i gamle Hordaland og Rogaland. Samarbeidet omfattar skjøtsel og drift av friluftsområde i Vestkystparken. Skjærgårdstenesten utførar renovasjon, tilsyn, drift og tilrettelegging i bade- og friluftsområda i heile dette området. Bergen og Omland Friluftsråd har tre båtar som er i drift i Skjærgårdstenesten i Bergensregionen.
Du finn meir informasjon på nettsida til BOF
Sist endra 06.01.2021 08.37