Øygarden frivilligsentral

Øygarden frivilligsentral er eit ressurssenter for lag og organisasjonar i kommunen. Vi tilbyr regelmessige introduksjonskurs og set deg som vil vera frivillig i kontakt med lag/organisasjon eller frivilligkoordinator på tenestestadene. 

I tillegg tilbyr vi «jordmorhjelp» for nye lag og organisasjonar eller enkeltpersonar som ønskjer å starta frivillige aktivitetar. Her kan vi hjelpe med å finna lokale, vera med på å rekruttere og å hjelpa med å finna aktuelle tilskotsordningar. Ved sidan av dette har vi òg eigne aktivitetar i samarbeid med andre kommunale etatar som t.d. språkkafé og følgjeteneste. Frivilligsentralen har dessutan ansvar for organisasjon av arrangement for frivilligheita, TV-aksjonen, Kultur og Idrettsgalla, frivillig forum og kommunale heidersprisar.

Lag og organisasjoner

Øygarden frivilligsentral kan rettleie deg og setje deg i kontakt med aktuell organisasjon ut i frå kva du kan tenkje deg å vera med på. Du kan td.  vera turvenn, hjelpe til på arrangement, praktisera norsk med innvandrarar, gå natteramn, trene eit idrettslag eller noko heilt anna. Det er nesten berre fantasien som sett grensar for kva du kan gjere som frivillig.

Her finn oversikt over alle lag og organisasjonar (PDF, 183 kB). Dersom noko er feil/manglar ta kontakt med frivillig@oygarden.kommune.no

Om du treng å vite kva aktivitetar som har behov for frivillige for tida, kan du gå inn på frivillig.no og søkja opp Øygarden.

Frivilligkoordinatorane på tenestestadene

I Øygarden kommune har vi også kultur for frivillige på tenestestader innan helse og velferd. Her vil du få kontakt med den som er frivilligkoordinator på staden. Du kan ta kontakt med tenestestad og avtale samtale med frivilligkoordinator. Eller kontakt innbyggjartorget som vil formidle kontakt: 56 16 02 28.

Tenestestader som tek i mot frivillige:

  • Fjell sjukeheim
  • Kvednatunet
  • Straume Bu- og servicesenter
  • Tednebakkane
  • Heimetenestene sone nord og Straume

Språkkafé for innvandrarar

Språkkafé er eit tett samarbeid mellom Øygarden frivilligsentral, Øygardsbiblioteka og flyktningtenesta. Her møtast vi kvar veke for uhøgtideleg prat og språktrening. Biblioteket har lokale og gjer klart bord og stolar og frivilligsentralen har kontakt med dei frivillige. For nokre av deltakarane er språkkafé ein del av timeplanen når dei går på introduksjonsprogrammet, mens andre er med fordi dei ønskjer å praktisera norsk og møte nordmenn. Tilbodet er gratis og open for alle! Har du eller nokon du kjenner lyst til å vera med? Alle som snakkar norsk kan bidra! Er du innvandrar og ønskjer å øve norsk er du også velkomen!

Språkkafé er kvar tysdag i skuleveker kl. 13.00 - 14.30 på Straume bibliotek på Sartor Storsenter.

Kurs/aktivitetar

Øygarden frivilligsentral
E-post
Telefon 56 16 02 28

Adresse

Ternholmvegen 2,
5337 Rong