Aktivitetskortet er eit tilbod til barn og unge mellom 0-16 år frå økonomisk vanskelegstilte familiar. Kortet gir gratis adgang til utvalde aktivitetar og opplevingar.

Målgruppe
Aktivitetskortet er berre for barn og unge med registrert bustadsadresse i Øygarden kommune.
Reglar for bruk av kortet
- Kortet er personleg, og det er berre du som kan bruke det
- Kvar billett gjeld for inntil to personar
- På aktiviteter med avgrensa besøk, kryssar tilbydarane av for kvart besøk på baksida av kortet ditt
Slik brukar du kortet
Utdeling av kort
Kortet er førebels eit prøveprosjekt i kommunen, og det er difor eit avgrensa antal kort som delast ut i år. Kortet vert delt ut av:
- Barnevernet
- NAV
- Flyktningetenesta
- Ungdomstenesta
Sist endra 20.02.2025 09.46