Bygdebøker

Ei rekke bygdebøker med lokalhistorie om dei tidlegare kommunane Sund, Fjell og Øygarden er gitt ut, og fleire vil koma i dei næraste åra.

Annonse for lansering av ny bygdebok for "gamle" Øygarden - Klikk for stort bilete

Hausten 2023 vart dei to første banda (b. 1 og 3) i serien Øygarden bygdebok lanserte. Det er planlagt i alt åtte bøker, to med generell historie om «gamle» Øygarden og seks med gards- og slektshistorie. 22. juni 2024 blir ei ny bok lansert:

Band 4: Gard og slekt, gardsnummer 208-213. Forfattarar: Kjell Alvheim, Kenneth Bratland og Yngve Nedrebø. Denne boka omfattar gardane Hjelme, Hellesund (inkludert Hellesøyna), Lyngøyna, Hernar (inkludert Sulo), Sanden og Nordøyna.

Både dei nye bøkene og dei tidlegare utgitte bygdebøkene for Fjell og Sund kan kjøpast i innbyggartorga på Straume, i Skogsskiftet og på Rong, i tillegg til i bokhandlane på Sartor storsenter og i alle store nettbokhandlar. Bøkene i serien Øygarden bygdebok er også til sals gjennom Øygarden sogelag.

Følg Bygdebøkene på Facebook og Instagram

For meir informasjon og prisar, klikk på boksane under.