Malene Langeland var handelskone på eit av dei viktigaste kremmarleia i Øygarden, og mor til nitten.
Malene og Jørgen Langeland på sine eldre dagar. Foto frå Fjell bygdebok, utlånt av Else Johnsen Aase.Malene Torjersdotter vart fødd i 1816 på Misje, der foreldra dreiv fiske og jordbruk. Ho hadde ni søsken, og dei voks opp i ein storfamilie, saman med foreldra og besteforeldra på morsida. Frå Misje var det berre nokre åretak over til Solsvika, der det hadde vore handels- og gjestgivarstad frå tidleg på 1700-talet. Her var hamna god, og sundet mellom Solsvika og Misje utgjorde ei hovudferdselsåre for skipstrafikken mellom storhavet i vest og Hjeltefjorden på innsida. I oppveksten til Malene dreiv Jens og Janniche Langeland handelsverksemda i Solsvika. Eldstesonen deira, Jørgen, fekk eit godt auge til Malene frå Misje, og i 1832 gifta dei seg. Han var då tjue og ho berre seksten år gammal.
Det unge ekteparet heldt først til på Misje, men etter ei tid busette dei seg fast i Solsvika. Dei dreiv gard og fiske, men vart meir og meir involvert i handels- og gjestgivarverksemda. I 1850 fekk Jørgen skøyte på kremmarleiet frå mor si. Han verka i tillegg som los og seinare losoldermann. I åra framover til slutten av 1870 var sildefisket på vestlandskysten rikt, noko som førte til stor aktivitet i Solsvika og gode inntekter til Langeland-familien.
Ekteparet fekk ein uvanleg talrik barneflokk. I løpet av 32 år fødde Malene nitten barn. Fire av dei døydde som små, medan femten voks opp. I 1866 fekk Jørgen og Malene sett opp eit nytt stort bustadhus i to etasjar i Solsvika. I tillegg til familien heldt fleire tenestefolk til der. Ved folketeljinga i 1875 vart i alt sytten menneske registrerte i bygget. Mellom 1815 og 1865 auka folketalet i Fjell sokn med 82 prosent. Betre kosthald, koppevaksinering og færre epidemiar var mellom faktorane som bidrog til folkeauke både her i distriktet og generelt i landet.
Malene stamma frå ei vanleg fiskarbondeslekt på Misje, men gjennom ekteskapet med Jørgen Langeland kom ho inn i eit miljø som var prega av handelsborgarskapet og bykulturen. Den 10. august 1882 feira Malene og Jørgen gullbryllaup. Avisene melde at paret var «aldeles friske og raske». På dette tidspunktet hadde dei 49 barneborn. Eitt av desse, Magda Garmann, som då var seks år gammal, fortalde på sine eldre dagar om korleis gullbryllaupsfesten gjorde inntrykk på henne. Sjølv vart ho kledd opp i sin «første blegrøde kjole med Violer i pufarmene, hvide skinhansker med en stor knap i, lakerede støvler, som var udskåret og pynted med blåt lær. Nei hvor fin jeg var». Nokre av gjestene frå byen framstod nesten som uverkelege: «Jeg troede at se syner, disse fine damer, med sleb og Marie Stuartkraver, jeg måtte tage mod til at føle på dem om de var virkelige mennesker, de lignede jo så aldeles mine papirdukker, men levende var de jo.» Magda fortalde at også folk av bondestand deltok i feiringa i Solsvika, og ho lét det skina gjennom at dei hadde ein råare oppførsel enn resten av festlyden: «bønderne drak så de gik berserka, så blev de kastet på sjøen, for at få sans og samling tilbage, jeg havde aldrig seet noget sådant før».
Nokre månader etter gullbryllaupet, i desember 1882, må tilhøvet mellom Malene og ektemannen ha blitt sett på ein hard prøve, då det viste seg at 70 år gamle Jørgen hadde fått eit barn med ei anna kvinne.
Jørgen og Malene døydde med berre nokre månaders mellomrom i 1888, han i mars og ho i september. Etterkomarane deira dreiv handelsverksemda i Solsvika vidare i hundre år til.
Les meir om Langelandsfamilien og Solsvika i bygdebøkene for Fjell.
Litteratur og kjelder
- Halvor Skurtveit, Nils Kolle, Frode Fyllingsnes og Gunnstein Akselberg: Fjell bygdebok, band III, gards- og slektshistoria for gardsnummer 20-29 & 59-60. 2006.
- Monrad Andreas Langeland: Ættebok over Langelands-ætta. Frå fedrane til våre dagar. Bergen 1990.
- Bergens Tidende, 9. august 1882.
Handelsstaden Solsvika kring 1920. Huset som Malene og Jørgen fekk reist i 1866 står heilt til høgre. I bakgrunnen ser vi søre delen av Misje. Foto: Atelier KK, UBB.