Kulturminne

Øygarden kommune ønsker eit godt samspel med privatpersonar, organisasjonar og verksemder om å ta vare på kulturminna i kommunen.

Kva er eit kulturminne?

Eit kulturminne er noko som representerer, symboliserer eller gir oss kunnskap om vere- og tenkemåtar i eldre tid.

Eksempel på dette kan vera:

  • faste strukturar, som hus, kulturlandskap og arkeologiske funnstader.
  • lause gjenstandar, som båtar, reiskapar og arkeologiske funn.
  • immaterielle og menneskelege uttrykksformer, som forteljingar, songar og handverkskompetanse.

Vern og forvalting av kulturminne

Det store fleirtalet av kulturminne er ikkje formelt freda eller verna på anna vis. Det tyder likevel ikkje at dei er utan kulturhistorisk verdi. Dei fleste kulturminne er og vil vera forvalta av private eigarar. Kommunen kan i mange tilfelle hjelpa til med rettleiing for korleis slike kulturminne best mogleg kan takast vare på, eller visa vidare til rett instans.

Nokre kulturminne er gitt ulike former for vern gjennom:

  • Automatisk freding gjennom lov (gjeld alle kulturminne eldre enn 1537, bygg eldre enn 1650 og skipsfunn i sjø, vatn og vassdrag eldre enn 100 år).»
  • Freding etter vedtak eller forskrift.
  • Vern gjennom t.d. politiske vedtak, planar, avtaler eller listeføring.
  • Utarbeding av kulturminneplanar

Sekretariatet for registrering av faste kulturminne i Norge

SEFRAK (Sekretariatet for registrering av faste kulturminne i Norge) er eit nasjonalt register over bygningar og andre faste kulturminne frå før ca. 1900-1930. Registreringa vart utført som feltarbeid i tida 1975-1995. Det at ein bygning er registrert i SEFRAK gir ikkje formell vernestatus, men indikerer at bygningen kan ha verneverdi eller høyra til eit verneverdig kulturmiljø.

Kommunale kulturminneplanar

I alle dei tre tidlegare kommunane Sund, Fjell og Øygarden vart det uarbeidd kulturminneplanar, som gir føringar for kva kulturminne som skal prioriterast i åra som kjem:

Restaurering, endring eller riving av eldre bygningar

Dersom du skal restaurera eller på andre måtar endra eldre bygningar, tilrår vi at du i god tid tar kontakt med byggesaksavdelinga i kommunen. Eining for kultur kan bidra med kulturminnefaglege råd i den vidare prosessen.

Nyttig informasjon:

Tilskots- og støtteordningar for kulturminnetiltak

Det finst fleire offentlege tilskotsordningar der eigarar av kulturminne kan søka støtte:

Funn av freda eller verna gjenstandar

Dersom du finn eldre gjenstandar du trur kan vera av kulturhistorisk verdi bør du kontakta:

Formidling av kulturminne og lokalhistorie

Øygarden kommune arbeider for å tilrettelegga og formidla kulturminna og lokalhistoria frå dei tre tidlegare kommunane Sund, Fjell og Øygarden. Ein viktig del av dette arbeidet er bygdebokprosjekta.