MOT til å glede prisen

MOT i Øygarden kårar årets gledesspreiar.

MOT logo - Klikk for stort bilete

Årets gledesspreiar er ein i ditt lokalsamfunn som:

  • Er ein positiv kulturbyggar i lokalsamfunnet
  • Er ein gledesspreiar med MOT til å bry seg
  • Evner å løfte blikket og sjå menneska rundt seg

Øygarden er ein MOT-kommune som jobbar strategisk med MOT verdiane som er:

  • MOT til å bry seg
  • MOT til å glede
  • MOT til å seie nei

Gjennom MOT strategien jobbar kommunen med å etablere eit verdiprogram frå barnehage til vidaregåande skule, vidare ut til foreldre, og også inn mot tilsette i eigen organisasjon. Ei slik satsing i å byggja felles verdiar og byggja kultur styrkjer Øygarden som ein god stad å bu.

Å spreie glede er smittsamt, og gjer en forskjell for andre. Kjenner du nokon som alltid seier "Hei", som ser deg og som får deg til å føle deg betre? Som uansett eigne omstenda har eit smil til alle den møter og som bryr seg om andre. Det kan krevja litt MOT å gjere noko ekstra for å spreie glede, men verdien er stor.

Ungdommens komunestyre ønsker å heidre denne viktige kulturbyggjaren i kommunen med prisen MOT til å glede. UKS oppmodar spesielt unge nominasjonar.

Forslag til kandidat

Framlegg til kandidatar, med grunngjeving, skal sendast til Øygarden rådhus, Postboks 184, 5342 Straume, på e-post til postmottak@oygarden.kommune.no eller elektronisk skjema.

Innspel til kandidat

Det vert open opp for innspell til kandidatar f.o.m. 1. oktober 2024

Frist

Frist for framlegg til kandidat er 31. desember 2024.

Utdeling av pris

Kandidatane vert vurdert av ungdomsrådet. Prisen på kr. 10 000,- og ein diplom vert delt ut på den årlege Kultur- og idrettsgallaen.