TilgjengeprisLytt til tekstenStopp avspillingTilgjengeprisen er ein årleg pris som vert delt ut av Kommunalt råd for menneske med nedsett funksjonsevne i Øygarden kommune. Prisen vert delt ut på det tidspunkt rådet ser det mest tenleg.Forslag til kandidatFramlegg til kandidatar, med grunngjeving, skal sendast til Øygarden rådhus, Postboks 184, 5342 Straume, på e-post til postmottak@oygarden.kommune.no eller elektronisk skjema.Innspel til kandidatFramlegget må gje ei tydeleg skildring av innsatsen til kandidaten.Det vert open opp for innspell til kandidatar f.o.m. 1. oktober 2024FristFrist for framlegg til kandidat er 31. desember 2024. Formål med prisen Formålet med tilgjengeprisen er å gjere eitkvart miljø tilgjengeleg for menneske med nedsett funksjonsevne. Eit utvida omgrep av universell utforming vert å leggja til grunn. Tilgjenge til bygningar, informasjon, kultur, friluftsliv, idrett, familie, vener, kollega, nærmiljø og serveringsstadar. Tilgjengeprisen vert å dela ut til den einskildpersonen, organisasjonen, bedrifta eller offentleg etat som har gjort ein særs verdfull innsats for å betra tilgjenge for menneske med nedsett funksjonsevne i lokalmiljøet eller kommunen. Følgjande kriteria kan vera å leggje til grunn:Tiltaket skal kome flest mogleg brukargrupper til gode.Kvaliteten (gjennomføringa) skal vera god. - Kandidaten har synt ei positiv haldning til og/eller forståing for å leggje til rette for universell utforming. - Menneske med nedsett funksjonsevne har hatt innflyting på utforming av tiltaket (brukarmedverknad). - Tiltaket syner at betre tilgjenge handlar meir om omtanke og handlingar enn om kostnade. Tiltaket har fått ei fin estetisk utforming og god praktisk løysing som glir godt inn i naturen når det gjeld god byggeskikk. - Kandidaten har synt stor kreativitet og nytenking for å betre tilgjenge for alle. Framlegget på kandidatar skal vera skriftleg med ei kort grunngjeving. Både einskildpersonar og organisasjonar kan fremja kandidatar. Utdeling av prisKandidatane vert vurderte av Kommunalt råd for personar med funksjonsnedsetjing (RFF). Prisen er på kr. 5.000,- og eit kunstverk av ein lokal kunstnar.VinnarTilgjengeprisen blei ikkje utdelt for 2023. Oversikt over vinnarar av Tilgjengeprisen 2023: Ikkje utdelt2022: Ikkje utdelt2021: Liaskjeret Båthamn Sist endra 24.09.2024 13.40