Kystpasset 2025

Bli kjend med den flotte naturen i Øygarden kommune. Kystpasset gjev deg turar frå Hjelme heilt nord til Lerøy heilt sør i kommunen. Kystpassturane gjev deg alt frå utsikt i alle himmelretningar til vandring gjennom smal passasje i ein fjellsprekk.

Kollage med bilete frå Kystpasset for 2025 - Klikk for stort bilete

Du får oppleve blankskurte svaberg, grøne skogar, stupbratte klipper, kulturlandskap og historie. Om du har litt ekstra tid på turen er det mange plassar der det er flott å fiske, bade eller berre nyte livet i strandkanten. Du har 11 månader på deg til å fullføre dei 30 turmåla i årets Kystpass.

Ta med deg klippekortet du finn i heftet eller bruk UT-appen, og klipp deg inn/sjekkinn framme på tur-destinasjonane. Då vert du med i trekninga av fine premiar.

Pris

Kystpasset er gratis.

Korleis få Kystpasset?

Du kan hente Kystpasset i daglegvarebutikkar, på bensinstasjonar og innbyggartorga og biblioteka på Sartor Storsenter, Sund Senter og Rong Senter. I UT-appen kan du søkje etter Kystpass 2025, følg lista.

Last ned appen i Google Play | Last ned appen i Appstore

Kystpasset 2025 (PDF, 5 MB)

Manglar du utstyr til turen?

BUA i FriHuset på Ågotnes kan du låna det meste til idrett, leik og friluftsliv, både sommar og vinter, heilt gratis.  Vi har ski, telt, soveposar, sekk, primus og mykje meir. 

Opprett profil

Alt du treng er å oppretta ein profil på bua.no. Er du under 18 år, må ein føresett oppretta profil og registrera deg som medlånetakar. Du kan låna utstyr i inntil sju dagar.

Bålbrenning

Det er generelt bålforbod i perioden 15. april til 15. september. 

Dette inneber forbod mot å tenna opp bål og grill i, eller i nærleiken av skog og anna utmark. Øygarden brann og redning kan likevel gje løyve til å tenna opp bål, om du søker om dette. Sjekk alltid kva reglar som gjeld før du tenner opp bål. 

Anna nyttig informasjon