Brotavarden

Startpunkt: Telavåg stadion, Nordsjøløypa.
Parkering: Telavåg stadion
Normal gangtid: Frå Kallestad: 1,5 time/3,3 km. Frå Telavåg: 2 timer/5 km.
Sesong: Heile året

Turskildring

Turen går over lett kupert terreng i utmarka. Du finn ein fin badeplass ved Brotet. 

På Brotet var det fleire fangstbuer som tyskarane sprengde og brente for 75 år sidan. Brotet var ein av kastevågane der det vart brukt landnot for å fiska makrell og sild.

Brotavarden er ein topp på 87 m.o.h. som du lett kan nå frå Telavåg stadion på eit par timar eller frå Kallestad grendahus på litt kortare tid. På Brotavarden er det god utsikt mot havet og øyene i sør-vest. .

På Ut.no finn du meir informasjon