Kystpilegrimsvandringar

Kystpilegrimsleia er inkludert i prosjektet Nye PiN (vidareutvikling av Perler i Nordsjøløypa). Prosjektet blir realisert gjennom fylkeskommunen sitt regional- og utviklingsprogram. Kommunen samarbeider med Museum Vest, Sotra Øygarden turlag og andre frivillige lag. I tillegg er prosjektet basert på privat støtte. 

Nye PiN vil vera med på å byggja opp om felles identitet i den nye kommunen. Hovudfokuset er på friluftsliv med rehabilitering av turstiar og formidling av den lokale kulturhistoria. Vi ynskjer samtidig å styrka samhaldet og folkehelsa. Ved å bruka  Kystpasset, er det lett å ta turane på eiga hand, men det blir òg gjennomført organiserte turar i regi av Sotra Øygarden turlag eller med Øygardskjennarar som har gjennomført guidekurs. Målet for PiN er å skapa varige kulturelle, sosiale, miljømessige og økonomiske verdiar

Pilegrimsvandringane er eit samarbeid mellom kyrkja, bispedømmekontoret, pilegrimssenteret,  Sotra Øygarden turlag og andre frivillige lag. Vi har vald ut 3 kyrkjevegar til pilegrimsvandringar i mai.

Historisk sett er det sjøen som har vore kyrkjevegen og dei fleste kom seg til kyrkja i båt. Men var været for dårleg, var løysinga å ta seg fram gjennom utmarka. Dette var elles vanlege ferdselsvegar mellom bygdene før bilvegane kom. Nordsjøløypa følgjer dei gamle ferdselsvegane og kyrkjevegane.

Bli med på pilegrimsvandringane og bli kjend med den lokale kultur- og kyrkjehistoria!

Det blir ei kort gudsteneste ute eller inne, alt etter smittevernreglane som gjeld dei aktuelle dagane. Sjå elles kunngjeringar i Vestnytt, kyrkjeblad og på sokneråda sine sider. Vandringane og gudstenestene er opne for alle. Namn og kontaktinfo blir registrert ved oppmøte i tilfelle smittesporing blir nødvendig i etterkant av arrangementa. Vel møtt!

Merk tid og stad for oppmøte på pilegrimsvandringane!

Facebook

Arrangement vert publisert på Facebooksida til Opplev Øygarden.

Skildring av pilegrimsvandringane