Fortel om det som skjer i Øygarden!
Ønskjer laget/organisasjonen din å invitera til eit ope arrangement? Då kan du leggja informasjon om dette inn i kalenderen på nettsida til Øygarden kommune.
![Ill. - Klikk for stort bilete](/handlers/bv.ashx/i1d59e61a-d3bd-498f-a169-4cb1be12ad42/w1200/q29569/kf09128c55695/promotering-av-kalenderen_2.jpg)
Informasjon om arrangementet kan du senda inn her:
Send inn arrangement til innbyggjarkalender
Vi gjer merksam på at informasjonen om arrangement vert kvalitetssikra og publisert etter kvart som han kjem inn.
Merk følgjande:
- Kommersielle arrangement kan ikkje leggjast inn i kalenderen.
- Eventuelle inntekter må gå til det ideelle formålet til organisasjonen/laget eller andre ideelle formål.
- Innsendte skjema vert sjekka og kvalitetssikra før publisering i kalenderen.
- For offentlege arrangement med alkoholservering i regi av frivillige, er vilkåra at ein oppfyller krava om kommunalt skjenkeløyve og andre vilkår i samsvar med alkohollova.
Publisert 16.08.2022 11.17