Søk om prosjekt- og arrangementstilskot

Du kan søkja tilskot til prosjekt og arrangement innan kultur, kunst, musikk, idrett, friluftsliv, aktivitetsdagar, konsertar, m.m. som ikkje er profittbasert. Det vert ikkje gjeve tilskot til arrangement som serverer alkoholhaldig drikke.

Tilskotssum: kr. 933.000,-
Søknadsperiode: 1. mars- 15. april

Ein må vurdere om større kostnadskrevjande arrangement krev utgreiing i form av politisk sak.
Godkjent kostnad pr. søknad er avgrensa oppover til 1/3 av kostnaden på tiltaket.

Slik søkjer du

Søknad må vera elektronisk. 

Søk om prosjekt- og arrangementstilskot

Søknadsfrist 15. april

Saksbehandling

Søknadene vert behandla administrativt, og vedtaket vert lagt fram for Levekårsutvalet til orientering. 

Rapportering

Det skal rapporterast på bruken av tildelte midlar seinast ein månad etter gjennomføring, inklusiv bilde. Send inn rapportering på tilskot.

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00