Fritidskassen

Lag og organisasjonar i Øygarden kommune kan søkje tilskot for å inkludere barn og unge som av økonomiske grunnar ikkje kan delta i fritidsaktivitetar.

Målet med tilskotet er at fleire får delta i aktivitetar. Tilskotet går til deltakaravgift, reiseutgifter og utstyr for barn og unge (enkeltpersoner) i målgruppa opp til og med 24 år. Ordninga er støtta av tilskotsmidlar frå Bufdir

Ill. Fritidskassen - Klikk for stort bilete

Søknadane blir behandla av Øygarden kommune i samarbeid med Øygarden idrettsråd og Øygarden musikk- og kulturråd.

Søknadsfrist: 15. april.

Søknad må vera elektronisk. 

Søk om midlar frå Fritidskassen

Merk at ein ikkje kan søkje støtte til å arrangere gratisaktivitetar for alle, då ordninga er øyremerka sårbare barn og unge.

Har de mottatt støtte frå andre til same føremål skal dette trekkast i frå søknaden til Fritidskassen.

Spørsmål? Ta kontakt på hilde.egeland@oygarden.kommune.no