Søk om kommunale stipend

Du kan søkja om idrettsstipend eller kulturstipend.

Total tilskotssum: kr. 500.000,-
Idrettsstipend: kr. 250.000,-
Kulturstipend: kr. 250.000,-
Søknadsperiode: 1. mars - 15. april

Innanfor ordninga kan det bli delt ut både større stipend, på opptil 150 000 kroner, og mindre stipend på mellom 10 000 og 50 000 kroner. For å oppnå dei større stipenda må ein kunne visa til resultat på høgt, helst internasjonalt nivå. Søkarar i aldersgruppa 15-30 år vil bli prioriterte.

Idrettsstipend

Stipendet kan delast til idrettsutøvarar som utmerker seg innan sitt felt. Dei må vera busette i eller ha anna sterk tilknyting til Øygarden kommune. Stipendet kan gjevast til både einskildutøvarar og lag. Stipendet skal nyttast til vidareutvikling av idrettsengasjementet, som t.d. deltaking i meisterskap, treningsopphald og innkjøp av spesialutstyr.

Søknaden skal innehalde:

  • Grunngjeving og ein plan for bruk av stipendet
  • Budsjett eller kostnadsoverslag.
    Søkjarar må opplyse om tilknyting til Øygarden kommune, og om andre stipend dei eventuelt har motteke dei siste 4 åra.

Kulturstipend

Stipendet kan delast ut til personar eller grupper som utmerker seg særleg innanfor kunstnarleg eller anna kulturell verksemd. Stipendet vert gjeve til personar eller grupper som er busette i eller med anna sterk tilknyting til Øygarden kommune. Stipendet kan nyttast til bestemte arbeidsoppgåver, prosjekt, studiereiser, etablering eller utdanning.

Søknaden skal innehalde:

  • Grunngjeving og ein plan for bruk av stipendet
  • Budsjett eller kostnadsoverslag

Søkjarar må opplyse om tilknyting til Øygarden kommune, og om andre stipend dei eventuelt har motteke dei siste 4 åra.

Slik søkjer du

Søknad må vere elektronisk. 

Søk om idrettsstipend/kulturstipend

Søknadsfrist 15. april

Saksbehandling

Levekårsutvalet står for tildelinga, etter innstilling frå administrasjonen i kommunen. Innstillinga frå administrasjonen vil også bli sendt på høyring til Øygarden idrettsråd og Øygarden musikk- og kulturråd for uttale. Det blir gjort merksam på at alle søknader, inkludert alle vedlegg, kan bli vidaresendt til idrettsrådet og musikk- og kulturrådet.

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00