Spelemidlar for lokale kulturbygg
Dette er ei nasjonal tilskotsordning.
Førehandskonferanse:
Skal du søkja spelemidlar må du bestilla førehandskonferanse i god tid før søknadsfristen.
Søknadsfrist:
Søknad må sendast til Øygarden kommune via anleggsregisteret innan 28. februar.
Krav til spelemiddelsøknadar
- Øygarden kommune ønskjer å fanga opp potensielle spelemiddelsøknadar så tidleg som mogleg, slik at ein får ei god behandling av desse.
- Vidaresending av søknader for kommunen til Vestland fylkeskommune er innan 30. april.
- Alle som skal søkja må gå inn via anleggsregisteret for å leggja inn data, og lasta opp relevante vedlegg som kostnadsoverslag.
- Anlegget må vera fullfinansiert før innlegging i databasen.
- Det er ein del krav som følgjer med ein spelemiddelsøknaden.
Desse vedlegga skal følgja spelemiddelsøknaden
- Førehandsgodkjende planar med behovsoppgåve for anlegget.
- Detaljert kostnadsoverslag m/dokumentasjon.
- Dugnadsarbeid skal gå fram i eit eige oversyn, utført av kvalifisert fagperson, med utgangspunkt i det som etter kostnadsoverslaget skal utførast på dugnad.
- Finansieringsplan, med utgreiing og dokumentasjon for dei einskilde postane.
- Plan for bruk, med budsjetterte utgifter og inntekter.
- Kopi av stadfesta grunnbokutskrift (heimel) for grunnen der anlegget skal byggjast. Ved avtale om feste/leige krev det kopi av tinglyst feste-/leigeavtale på minst 20 år.
- Godkjent byggesøknad.
Bestilling førehandskonferanse
Sist endra 06.04.2021 08.06