Heimel
Lokal forskrift om gebyr er vedteke med heimel i:
- Lov om planlegging og byggesaksbehandling (pbl.) av 27. juni 2008 § 2-1 og § 33-1
- Lov om eigedomsregistrering av 17. juni 2005 (matrikkellova, ml.) § 32 og Forskrift av 26. juni 2009 nr 864 (matrikkelforskrifta) § 16
- Lov om eierseksjoner (eierseksjonsloven) av 16 juni 2017 § 15
- Lov om vern mot forureining av 13. mars 1981 nr 6 - § 52a og Forskrift av 5. desember 2003 nr 1909 om delegering av myndigheit til kommunane etter forureiningslova. Forureiningsforskrifta av 01.06.2004. Forskrift om forbod mot bruk av mineralolje til oppvarming av bygningar av 28.06.2018.
- Lov om behandlingsmåtar i forvaltningssaker (fvl.) § 27a og Forskrift av 14. desember 2011 nr 1336 om gebyr for behandling av konsesjonssaker mv.
- § 4 i forskrifta til offentleglova av 17.10.2008. nr.1119.
- Viltlova av 29.05.1981 nr. 38 § 40 og forskrift om kommunale viltfond § 6
- Saker etter Lov om havner og farvann (hamne- og farvasslova) 21 juni 2019 § 33 og tilhøyrande lokal forskrift er delegert til Bergen Hamn
Iverksetting
Lokal forskrift om gebyr vert vedteke av Øygarden kommunestyre den 21.12.23 og gjeld frå 01.01.2024.
5.1 Generelle reglar
Formål
Gebyrforskrifta gir heimel for kommunen sin rett til å ta gebyr for lovpålagte oppgåver etter plan- og bygningsloven, matrikkellova og eigarseksjoneringslova. Formålet med gebyrforskrifta er å opplyse innbyggjarane om søknadspliktige tiltak og kva det kostar å søkje.
Betalingsplikt
Den som får utført tenester etter dette regulativet, skal betale gebyr i samsvar med satsane og føresegnene i regulativet. Gebyrkravet skal rettast mot heimelshavar, tiltakshavar, rekvirent eller den
som har bede om å få utført aktuelt arbeid.
Gebyr skal vera betalt innan 30 dagar rekna frå fakturadato. Ved for sein betaling kan kommunen krevja eit purregebyr på 10 % av rettsgebyret. Må kommunen purra fleire gonger, skal kommunen i
tillegg til purregebyr krevja forsinkelsesrenter frå forfallsdato i samsvar med Lov om renter ved forsinka betaling mm av 17. desember 1976.
Kommunen skal av eige tiltak betala attende gebyr der kommunen har kravd og motteke for mykje i gebyr. Det kan ikkje krevjast rentetillegg.
For saker der gebyr vert rekna etter medgått tid vert gebyr fakturert etterskotsvis.
Gebyret skal betalast uavhengig av seinare endring av vedtak, klage på vedtak, klage på gebyr eller søknad om refusjon eller redusert gebyr. Klage eller søknad om fritak/reduksjon fører ikkje til utsett
betalingsfrist.
Kva regulativ skal nyttast
Gebyr skal reknast ut etter det regulativet som er/var gjeldande den datoen kommunen har motteke alle dokument i saka og med den kvalitet som kommunen krev for å handsama saka.
For saker som medfører fleire sjølvstendige avgjerdstrinn skal ein nytta det gebyrregulativet som er/var gjeldande når føresetnadene for å handsama neste ledd i sakshandsaminga er til stades.
Ved bestilling av møter og førehandskonferanse vert gebyret for møte rekna ut frå gjeldande satsar på bestillingstidspunktet.
Gebyr som skal reknast ut etter timesatsar, skal relaterast til gjeldande satsar då arbeidet blei utført
Kommunen sine kostnader til fagkunnig hjelp
Når kommunen må hyre inn fagkunnig hjelp i sakshandsaminga kan kommunen, i tillegg til gebyret, krevje å få refundert utlegga av den som skal betale saksgebyret.
Fastsetting av gebyr
Gebyr etter dette regulativet er faste gebyr til dekking av kommunen sine gjennomsnittskostnader med ei sak.
Gebyr vert fastsett som eit basisgebyr + eventuelle faste tilleggsgebyr. Gebyr i saker som krev dispensasjon kjem i tillegg. Gebyr vert fakturert når det er fatta vedtak i saka. Det skal betalast fullt gebyr sjølv om det vert gjeve avslag på søknad. Ved avvist eller trekt sak blir det fakturert gebyr ved avslutta sak slikt det går fram av forskrifta for den aktuelle sakstypen.
Gebyr for førehandskonferanse vert fakturert etter gjennomført møte, eller ved avbestilling seinare enn 2 verkedagar før avtalt tidspunkt eller ved manglande oppmøte.
Gebyr for ulovlege tiltak kjem i tillegg til vanleg sakshandsamingsgebyr for byggesak, og vert fakturert etter handsaming av byggesøknad for tiltaket.
Gebyr for handsaming etter jordlova, forureiningslova og lov om hamner og farvatn kjem i tillegg til vanleg sakshandsamingsgebyr.
Kommunen sine kostnader til tilsynsoppgåver etter plan- og bygningslova utgjer ca. 10 % av gebyret, jf. pbl § 33-1. Kommunen kan velje å rekne gebyr etter medgått tid i staden for fast gebyr, der gebyr etter medgått tid overstig fast sats. Gebyr vert då fastsett ved enkeltvedtak.
Saker der kommunen ikkje heldt lovpålagte tidsfristar for saksbehandling
Der kommunen ikkje heldt dei lovpålagte tidsfristane for handsaming av byggesaker, delesaker/oppmålingssaker, private planforslag og søknadar om seksjonering, vil gebyret blir redusert etter reglane i byggesaksforskrifta § 7-6, forskrift om behandling av private forslag til detaljreguleringsplan etter plan- og bygningslova § 8, matrikkelforskrifta § 18, og eigarseksjonslova § 14.
Reduksjon eller bortfall gjeld ikkje dersom det er avtalt lengre frist i den einskilde sak.
Redusert gebyr
Når kommunen sitt arbeid med ein sak avviker vesentleg frå gjennomsnittleg sakshandsamingstid for sakstypen kan kommunen av eige initiativ redusere gebyret. Fastsetting av redusert gebyret skal skje ved enkeltvedtak.
Når særlege grunnar ligg føre kan det søkjast om redusert gebyr innan 3 veker etter at faktura er mottatt. Søknad om redusert gebyr skal være grunngjeven. Personlege og/eller sosiale tilhøve vert ikkje rekna som særleg grunn.
Klage
Gebyr for teknisk forvaltningsteneste er fastsett ved forskrift. Det er ikkje klagerett på forskrifter, jf. forvaltningslova §§ 3, 28 og 40. Det kan difor ikkje klagast over at det vert kravd gebyr eller over storleiken på gebyret.
Det kan klagast over kva punkt i regulativet gebyret er rekna ut i frå. Kommunal klagenemnd er klageinstans.
Gebyr som etter denne forskrifta er fastsett ved enkeltvedtak kan det klagast over i samsvar med forvaltningslova kap. VI. Statsforvaltaren er klageinstans.
Endring av regulativet
Kommunestyret vedtek endringar i gebyrregulativet, normalt i samband med kommunestyret si handsaming av budsjettet for komande år. Ved endringar skal ein avrunda satsane. Satsar under kr. 1000 skal ein avrunda til heile 10 kroner og satsar frå kr. 1000 til heile hundre kroner.
5.2 Tenester med gebyr etter medgått tid
Timepris for gebyr som ikkje vert fastsett på annan måte, eller som skal reknast ut etter medgått tid – jf. regulativet, skal følgjande timesatsar nyttast:
5.3. Plansak
Gebyrplikt og unntaksføresegner
Det skal betalast gebyr for alle private planforslag for arbeid fram til fyrste gongs handsaming.
Det vert ikkje berekna gebyr når hovudføremålet med reguleringsplanen er å avsetje areal til offentleg samferdselsanlegg og teknisk infrastruktur.
Det vert ikkje berekna gebyr når hovudføremålet med reguleringsplanen er å avsetje areal til bygging eller anlegg regulert til grav- og urnelund, offentleg grønstruktur, vern av kulturmiljø eller kulturminne, særlege landskapsomsyn, naturvern eller friluftsområde.
Oppstart av planarbeid
Både kommunen og tiltakshavar kan krevje oppstartsmøte. Det skal betalast gebyr for oppstartsmøte og undervegsmøte.
Arbeid med planforslag
For planar som krev planprogram og konsekvensutgreiing skal det betalast eit tilleggsgebyr pr søknad. Gebyret gjeld ikkje for statlege reguleringsmyndigheiter som Statens vegvesen, Jernbaneverket ol.
Endring av plan
Kommunen avgjer i kvart tilfelle om det er ei mindre eller større endring, og dessutan om endringa er så vesentleg at den krev ny søknad. Er endringane så betydelege at søknaden vert å betrakte som ny sak, vert det betalt fullt gebyr. Ved endring av plan skal det betalast følgjande gebyr.
5.4 Byggje- og deleforbod (PBL. Kap. 13)
5.5 Byggjesak
Søknad utan ansvarsrett
Tiltak som krev søknad etter plan- og bygningslova § 20-4, men er unnateke krav om ansvarsrett og kan utførast av tiltakshavar. Herunder:
- Mindre byggjearbeid på bebygd eigedom
- Mellombelse bygg
- Transportable bygg
- Driftsbygningar i landbruket med BRA opptil 1000m2
- Garasjar, leikestover over 15 m2, osb.
- Mindre skilt og reklameinnretningar
- Støttemur under 1,5 m høgde.
- Flytebryggje opptil 15 m2
- Bruksendring frå tilleggsdel til hovuddel innafor ein brukseining
Nybygg som er søknadspliktig etter plan- og bygningslova § 20-3
For søknader om nybygg som er 100 % komplett ved første gongs innlevering vert det gjeve 25 % rabatt. I dei høve eitt og same bygg fell inn under fleire punkt, skal gebyr for respektive del reknast
etter respektive punkt.
5.5.1.1 Bustadbygg og fritidsbustader
Herunder nye bustadbygg og fritidsbustadar og bruksendring av hele boenheter.
5.5.1.2 Næringsverksemd, teneste yting m.v.
Herunder forretningsbygg, kontorbygg, industri, skule og barne- hage, idrettsbygg, bygg for trussamfunn og liknande.
5.5.1.3 Lagerhus, uthus, naust og liknande
Herunder lager, garasje og parkeringshus, uthus, naust og liknande.
Tilbygg til eksisterande bygningar, jf. Plan- og bygningslova § 20-1, pkt. a, b, c og g
For søknader som er 100 % komplett ved første gongs innlevering vert det gjeve 25 % rabatt.
5.5.1.4 Bustadbygg og fritidsbustader
5.5.1.5 Næringsverksemd, tenesteyting m.v.
Herunder forretningsbygg, kontorbygg, industri, skule og barnehage, idrettsbygg, bygg for trussamfunn og liknande.
5.5.1.6 Lagerhus, uthus, naust m.v.
Lager, garasje og parkeringshus, uthus, naust og liknande.
5.5.1.7 Tekniske installasjonar
Oppføring, endring og reparasjon av tekniske installasjonar som er søknadspliktige tiltak etter planog bygningslova § 20-1 pkt. f, jf. § 31. Herunder:
- Sanitære anlegg (bad/wc, dusj, vaskerom, badstove)
- Kulde- og varmepumpeanlegg
- Heisar og liknande
- Brannalarmanlegg
- Sprinklaranlegg
- Oljeutskiljarar
- Varmeanlegg, herunder: sentralvarme, solcellepanel
- Skorstein/pipe
Andre tiltak
Jf. Plan- og bygningslova § 20-1 pkt. e, h, i, j, k og l.
5.5.1.8 Dispensasjonar
Søknad om dispensasjon frå reguleringsplanar, utbyggings- planar, kommuneplanen sin arealdel og PBL § 1-8 («100 m-beltet»)
5.5.1.9 Søknad om endring og reviderte teikningar
For tilfelle der det vert sendt inn reviderte teikningar etter at søknaden er godkjent.
Kommunen avgjer i kvart tilfelle om det er ei mindre eller større endring, og dessutan om endringa er så vesentleg at den krev ny søknad. Dersom endringane er så betydelige at søknaden blir å betrakte som ny sak, vert det betalt fullt gebyr.
5.5.1.10 Delt sakshandsaming
5.5.1.11 Søknad om godkjenning av ansvarsrett
5.5.1.12 Førehandskonferanse
5.5.1.13 Søknad om overføring av areal, oppretting av ny grunneigedom, ny anleggseigedom eller nytt jordsameige
Jf. Plan- og bygningslova § 20-1, pkt. m.
For sakar som krev handsaming etter jordlova vert det fakturert statleg sats, jf. Kapittel 5, pkt. 5.4.2 i gebyrregulativet.
5.5.1.14 Reviderte kart
For små endringar i areal som vert avdekt under oppmålingsforretning, vert det skrive eit notat på, utan gebyr.
For tilfelle der endringar krev endringssøknad, nytt situasjonskart og nytt delevedtak, vert det kravd gebyr.
5.5.1.15 Avslutta sak før realitetsvedtak
Gebyr for sak som avsluttast utan realitetsvedtak, anten ved at søknaden vert trekt eller at saka vert avvist.
5.5.1.16 Ulovlege tiltak (pbl. Kap. 32)
Gebyr for ulovlege tiltak vert fakturert i tillegg til ordinært sakshandsamingsgebyr etter handsaming av byggesøknad for tiltaket.
5.6 Kart- og oppmålingssak
Jf. Matrikkellova § 30 og 32 med tilhøyrande forskrift § 16.
Oppretting av matrikkeleining
5.6.1.1 Oppretting av grunneigedom og festegrunn
Ved oppmålingsforretning der ein ikkje treng merking og måling i marka vert gebyret redusert med
50% (kontorforretning, jf. matrikkelforskrifta § 40) .
I ein rekvisisjon med fleire tomtar i felt vert det gitt 30 % rabatt for gebyret dersom:
- Oppmåling av tomtane er rekvirert og betalt samstundes
- Det føreligg godkjent reguleringsplan
- Yttergrenser til planen er oppmålt og/eller av god kvalitet
- Areale er tilrettelagt / rydda og tilgjengeleg for oppmåling og grensemerking
5.6.1.2 Matrikulering av eksisterande umatrikulert grunn
5.6.1.3 Oppmåling av uteareal på eigarseksjon
5.6.1.4 Oppretting av anleggseigedom
Anleggseigedom vert definert som ein bygning eller konstruksjon, eller eit avgrensa fysisk volum som er løyva bygd ut, og som er skilt ut med eige gards- og bruksnummer.
5.6.1.5 Oppretting av matrikkeleining utan fullført oppmålingsforretning
Når det føreligg særlege grunner, kan ein rekvirent søkja om at det vert oppretta ny matrikkeleining før oppmålingsforretninga er heilt fullført, jf. Matrikkellova § 6.
5.6.1.6 Registrering av jordsameige
Gebyr for registrering av eksisterande jordsameige vert fakturert etter medgått tid, jf. Kapittel 5 Timesatsar.
5.6.2 Grensejustering
5.6.2.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige
Ved gebyr for grensejustering kan arealet for involverte eigedomar justerast med inntil 5 % av eigedomens areal. (maksimalgrensa er sett til 500 m²). Ein eigedom kan ikkje avgi areal som i sum overstig 20 % av eigedomen sitt areal før justeringa. For grensejustering til veg- eller jernbaneføremål kan andre arealklassar gjelde.
5.6.2.2 Tilleggsparsell
5.6.2.3 Anleggseigedom
For anleggseigendom kan volumet justerast med inntil 5 % av volumet, men den maksimale grensa er sett til 1000 m³.
5.6.3 Arealoverføring
5.6.3.1 Grunneigedom, festegrunn og jordsameige
Ved arealoverføring skal oppmålingsforretning og tinglysing gjennomførast. Arealoverføring utløyser dokumentavgift. Dette gjeld ikkje arealoverføring til veg- og jernbaneformål.
5.6.3.2 Annleggseigedom
For anleggseigedom kan volum som skal overførast frå ein matrikkeleining til ein annan, ikkje være registrert på ein tredje matrikkeleining. Volum kan berre overførast til ein matrikkeleining dersom vilkåra for samanføying er til stades. Matrikkeleininga skal utgjere eitt samanhengande volum.
5.6.3.3 Arealoverføring til offentleg veg
Ved arealeoverføring til offenleg veg vert det gitt 20 % rabatt av totalsummen ved overføring frå 5 tomter og oppover.
5.6.4 Kartlegging av eksisterande grense og kartlegging av rettar
5.6.4.1 Der grensepunkta tidlegare er koordinatbestemt ved oppmålingsforretning
5.6.4.2 Der grensa ikkje er koordinatbestemt tidlegare
5.6.4.3 Privat grenseavtale
Billigaste alternativ for rekvirent skal veljast.
5.6.4.4 Gebyr for kartlegging av rettar
Gebyr for kartlegging av rettar vert fakturert etter medgått tid, jf. Kapittel 5 Timesatsar.
5.6.4.5 Unntak for oppmåling av grunneigedom og festegrunn over 100 dekar
5.6.5 Matrikkeltenester
5.6.5.1 Matrikulering av areal på oppdrag frå andre
Gebyr for matrikkelføring av areal på oppdrag frå andre vert fakturert etter medgått tid, jf. Pkt. 5.2 Tenester med gebyr etter medgått tid.
5.6.5.2 Matrikkelbrev
Maksimalsatsane vert sett av Kartverket, og endringar regulert i takt med den årlege kostnadsutviklinga, matrikkelforskrifta § 16 pkt. 4.
5.6.6 Gebyr
5.6.6.1 Betaling av gebyr
Gebyret skal betalast til Øygarden kommune etter rekningsoppgåve frå kommunen. Betaling skal skje etter regulativ og dei satsar som gjeld på rekvisisjonstidspunktet.
5.6.6.2 Betalingstidspunkt
Før innkalling og gjennomføring av oppmålingsforretning skal tilhøyrande gebyr vera betalt. I saker som utløyser dokumentavgift må denne vera betalt før saka vert sendt til tinglysing. Etterfakturering for ekstra grensepunkt må påreknast.
5.6.6.3 Avbrot i oppmålingsforretning eller matrikulering
For utført arbeid når saka vert trekt før den er fullført, eller av andre grunnar ikkje kan matrikkelførast skal det betalast 1/3 av gebyret. Vert saka avbroten eller trekt etter at det halden oppmålingsforretning skal det betalast 2/3 av gebyret.
5.6.6.4 Mottakar av rekninga
Dersom andre enn rekvirenten skal ha rekning på gebyret, må det føreliggje skriftleg avtale mellom rekvirent og den som skal ha rekningsoppgåva.
5.6.6.5 Tilbakebetaling / avkorting av gebyr
Dersom kommunen oversit fristen, skal gebyret for oppmålingsforretninga og matrikkelføringa avkortast med ein tredel. Dersom kommunen oversit fristen med ytterligare to månader, skal gebyret avkortast med ytterligare ein tredel. Matrikkelforskrifta § 18 Frister i saker som krever oppmålingsforretning.
5.6.6.6 Vintersesong (Matrikkelforskrifta § 18, 3 ledd)
Perioden 01.12 - 31.03 skal reknast som vintersesong i høve til forskriftsfesta frist for fullføring av oppmålingsforretning.
5.7 Gebyr for arbeid etter lov om eigarseksjonering
Endringar i Eigarseksjonslova vert gjort gjeldande frå 01.01.2018. I den nye eigarseksjonslova er sjølvkostprinsippet for gebyr teke inn i lovteksten. Kommunen kan i tillegg krevje gebyr etter reglane i matrikkellova for oppmålingsforretning og matrikkelbrev. Gebyr for tinglysing vert også betalt til kommunen. Vert begjæring om seksjonering avslått, skal tinglysingsgebyret og halvparten av gebyret for seksjoneringa betalast tilbake til søkjar.
5.7.1 Oppretting av eigarseksjonar, nybygg
5.7.2 Oppretting av eigarseksjonar, eksisterande bygg
5.7.3 Reseksjonering
5.7.4 Synfaring
5.7.5 Sletting/oppheving av seksjonert sameige
Der seksjonering omfattar uteareal som krev oppmålingsforretning vert gebyret fastsett etter gjeldande regulativ for kart- og oppmålingsgebyr punkt 5.6.1.3 (Oppmåling uteareal for eigarseksjon).
Der seksjonering omfattar uteareal som krev målebrev, vert gebyr fastsett etter gjeldande regulativ for kart og oppmålingsgebyr (med fråtrekk av tinglysingsgebyr).