Kvifor vurderer vi ikkje arealinnspel om konkrete eigedommar no?
Innspel om til dømes endra arealbruk til bustadtomter, naust, næringsbygg og liknande vert det opna opp for våren 2026. Årsaka til at vi ventar med arealinnspel er fordi vi først skal sjå nærmare på kva som er viktige verdiar i Øygarden, før vi tek avgjersler om korleis vi skal bruka areala våre i framtida. Innspela vi har bedt om fram til no er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for å ta slike avgjerder. Du kan lesa meir om kunnskapen vi hentar inn og arbeida med her.
Når vi våren 2026 opnar opp for arealinnspel, ønskjer vi at de legg desse inn i ein eigen kartportal, slik at vi får samanstilt alle slike innspel digitalt. Dei som allereie har sendt inn arealinnspel skriftleg vil få ei oppmoding om å registrera desse på nytt våren 2026.
Kva skjer med innspela du har sendt inn?
Dine tankar er viktig kunnskap for å laga gode strategiar og prinsipp om korleis kommunen skal utviklast for framtida. Vi summerer opp alle innspela og leverer dei til politikarane. Innspela vert lagt til grunn for avgjersler om korleis Øygarden skal bruka areala i framtida. Vi har teke vare på innspel som er komen inn i samband med samfunnsdelen til kommuneplanen, bustadsosial plan og strategisk plan for kultur, idrett og frivilligheit. Desse innspela tek vi fram att i nytt planarbeid.
Blir det innspelsmøte i bygda mi?
Våren 2024 besøkte vi dei 7 lokalsentra Tjeldstø, Toftøy, Knarrvika, Fjell. Ulveset/Møvika, Stranda og Spildepollen. Hausten 2025 besøkte vi kommunedelsentra Rong, Ågotnes og Skogsskiftet. Vi tek no ein pause i slike medverknadsmøte, og neste runde med tilsvarande aktivitetar vert hausten 2025.
Du som har Straume som ditt nærmaste senter vil kunna medverka gjennom pågåande arbeid med strategisk planprogram for Straume og områdeplanen for Stovevatnet.
Planarbeidet for Straume kan du følgja her.
Treng du hjelp?
Kom innom ditt næraste innbyggartorg - vi hjelper deg gjerne!
Du kan også senda ein e-post til planpost@oygarden.kommune.no