Kva skjer til kva tid?

Arbeidet med arealdelen til kommuneplanen har fleire fasar og milepælar. I første omgang vert det utarbeidd eit strategisk planprogram, der vi skal vedta politiske strategiar og prinsipp som gir ei tydeleg retning for korleis vi i framtida skal bruka og verna om areala våre. Sjølve arealdelen vert utarbeidd i 2026-2027. 

I 2024 og 2025 vert det utarbeidd fleire rapportar og utgreiingar som er viktige kunnskapsgrunnlag når vi seinare skal fastsetta arealbruken. Les meir om kva kunnskap vi arbeidar med her: Kunnskapsgrunnlag.

Vi treng også innspel frå deg som innbyggar, frivillig eller næringsdrivande om korleis vi skal utvikla dei ulike delane av kommunen vår, gjennom heile arbeidet. Til kva tid og om kva tema du kan engasjera deg i, vert kunngjort på nettsida til kommunen, nettavisa til Vestnytt og i sosiale media. Nettsida til kommunen vil alltid vera oppdatert med siste nytt. 

Når kan du komma med arealinnspel?  

Innspel om til dømes endra arealbruk til bustadtomter, naust, næringsbygg og liknande vert det først opna opp for våren 2026. Når vi opnar opp for arealinnspel, ønskjer vi at de legg desse inn i ein eigen kartportal, slik at vi får samanstilt alle slike innspel digitalt. Derfor er det viktig at du ventar med å senda inn konkrete arealinnspel.  

Årsaka til at vi ventar med arealinnspel, er fordi vi først skal sjå nærmare på kva som er viktige verdiar i Øygarden, før vi tek avgjersler om korleis vi skal bruka areala våre i framtida. Innspela vi ber om no er ein viktig del av kunnskapsgrunnlaget for å ta slike avgjerder.

Kva skjer no?

Frå november 2024 fram til februar 2025 skal kommuneplanutvalet og kommunestyret setta seg inn i kunnskapsrapportar og innspela som er komen inn så langt. Med bakgrunn i denne kunnskapen skal politikarane drøfta strategiar og prinsipp for kva verdiar vi skal ta vare på når vi planlegg framtidas arealbruk. 

Kva skjer seinare?

Kva har vi gjort til no? 

Fram til no har arbeidet først og fremst handla om å skaffa oss nødvendig kunnskap, for å kunna ta gode avgjersler for framtidas arealbruk. På nettsida til kommunen legg vi ut informasjon om kva kunnskap vi skaffar oss, og når ulike rapportar vil vera klare

Våren 2024 hadde vi sju medverknadsmøte i lokalsentera. Denne hausten arrangerte vi tre tilsvarande møter i kommunedelsentra Skogsskiftet, Ågotnes og Rong. No arbeider vi med å samla alle innspela i ein rapport, som saman med anna kunnskap vil danna grunnlag for å utarbeida eigne strategiar for lokalsentera.