Om arbeidet med arealdelen

Kommunen legg opp til ei anna inndeling av arbeidet med arealdelen til kommuneplanen (KPA) enn tidlegare. Gjennom arbeidet med eit strategisk planprogram skal vi følgja opp og konkretisera samfunnsdelen med arealstrategiar. Her skal det fastsetjast prinsipp og tydeleg retning for korleis vi skal bruka og ta vare på areala våre. 

Treng du hjelp eller har spørsmål? Kom innom ditt næraste innbyggartorg - vi hjelper deg gjerne!  

Du kan også senda ein e-post til planpost@oygarden.kommune.no 

Les gjerne meir om arbeidet i oppstartssaka som har vore behandla i kommunestyret her.

Prinsippa og retninga for arealbruken som vert vedteken i strategisk planprogram skal følgjast opp i plankartet, føresegnene og planskildringa til ny KPA for Øygarden kommune.  

I 2024 vil arbeidet med arealdelen til kommuneplanen først og fremst handla om å skaffa oss nødvendig kunnskap, for å kunna ta gode avgjersler for framtidas arealbruk. I denne perioden vil administrasjonen gjennomføra fleire kartleggingar av blant anna landskap, naturmangfald, strandsoneverdiar, status på gjeldande arealbruk og framtidig arealbehov ut i frå demografi og forventa befolkningsvekst. Du vil kunna lesa alle rapportane vi lagar her: Kunnskapsgrunnlag

Kunnskapen som vert arbeidd fram og samanstilt skal vera grunnlaget for politiske drøftingar av den strategiske retninga for arealbruken i kommunen. I denne fasen vil det bli gjennomført medverknadsaktivitetar for innbyggjarar, lag- og organisasjonar og private og offentlege aktørar. Følg med på Kva skjer til kva tid? for fleire moglegheiter til å gi innspel til arealdelen.

Framdriftsplanen for arbeidet med arealdelen til kommuneplanen: 

Framdriftsplanen for arbeidet med arealdelen til kommuneplanen - Klikk for stort bilete