Vert du påverka av planvask?
Målet er å få planar som er oppdaterte opp mot dagens kunnskap, politikk og lovverk.
Det skal gjerast politiske vedtak om planane skal opphevast, vidareførast, erstattast eller endrast. Grunneigarar som vert påverka av arbeidet, vil få medverka før politisk vedtak.
Arbeidet med planvasken vil strekkja seg over fleire år, og er delt opp i tre fasar for gjennomføring. Nokre av planane som vert oppheva, skal kunna erstattast av arealformål i ny arealdel til kommuneplanen.
Oversikt over fasar i arbeidet med planvasken

Fase 1 – Planar som er utgått/erstatta
Kommunen har funne fleire reguleringsplanar som er erstatta av nye planar. Desse gjeld ikkje lenger, og skal derfor opphevast. Ei slik oppheving har ingen praktisk betydning for grunneigarane. Planane vi skal oppheva er erstatta av ein ny plan, som skal gjelda vidare.
I løpet av november/desember vil det gå ut varsel om oppheving av erstatta planar til dei grunneigarane som vert påverka. Dei vil få informasjon om kva plan som vert oppheva, kva plan som skal gjelda vidare, og om korleis dei kan koma med eventuelle merknadar til opphevinga.
Når varslingsperioden er gått ut, vil det bli lagt fram saker for politisk behandling der dei tar stilling til endeleg vedtak om oppheving av reguleringsplanane.
Her kan de kome med elektronisk innspel/merknad. Høyringsfrist er sett til 31.01.2025.
Fase 2- Realiserte planar
Kommunen har fleire eldre reguleringsplanar som ikkje gode nok for vidare utbygging av eit område. Desse planane fører ofte til at både innbyggarar og næringsliv må søka om unødvendige dispensasjonar. Fase 2 vil starta opp våren 2025, og må følgja arbeidet med arealdelen til kommuneplanen tett. Grunneigarar som vert påverka vil bli varsla i forkant av eventuell endring eller oppheving.
Fase 3 – Urealiserte planar
Kommunen har fleire reguleringsplanar som ikkje er bygd ut, eller berre er bygd ut delvis. I arbeidet med arealdelen til kommuneplanen står vi ovanfor ei vanskeleg oppgåve, der vi skal finna rett balanse mellom verdiar vi skal ta vare på, og framtidas utvikling. Det inneber at vi må vurdera om vi skal behalda alle byggeområda i kommunen, eller om desse byggeområda er i konflikt med verdiane våre. Fase 3 vil starta opp hausten 2025, og må følgja arbeidet med arealdelen til kommuneplanen tett. Grunneigarar som vert påverka vil bli varsla i forkant av eventuell endring eller oppheving.