Politisk arbeid i kommuneplanutvalet
Kommuneplanutvalet i Øygarden kommune har ansvar for å driva fram arbeidet med arealdelen til kommuneplanen.
Her finn du informasjon om Kommuneplanutvalet.
Kommande møte i kommuneplanutvalet
(Det kan komma justeringar av når dei ulike tema vert presenterte i kommuneplanutvalet. )
28. januar
- Drøfting av samla prinsipp og strategiar for kva verdiar vi skal ta vare på, med utgangspunkt i lokalsentra, kommunedelsentra og bygdene.
- Førebu arbeidsverkstad i kommunestyret 13.02.25.
4. mars
- Vi startar med kunnskapsinnhenting og rapportar som handlar om nye tema: næringsutvikling på land og i sjø, klimatilpassing, massehandtering, kulturmiljø.
- Planvask.
29. april
- Presentasjon av utkast til strategiar om korleis vi skal utvikla lokalsentra, kommunedelsentra og bygdene – refleksjon og tilbakemeldingar frå KPU i møte.
3. juni
- Drøfting av samla prinsipp og strategiar for verdiar og utvikling, med utgangspunkt i lokalsentra, kommunedelsentra og bygdene.
- Førebu arbeidsverkstad i kommunestyret 15.06.25.
30. september
- Sak – tilråding til kommunestyret om høyring av planprogram med strategiar og prinsipp.
I 2025 skal kommuneplanutvalet arbeida meir med tema:
- Næring på land og sjø, inkludert energiløysingar
- Klima og korleis vi skal handtera klimaendringar
- Massehandtering
- Føresegner og gjennomføring av utviklinga
Presentasjonar og opptak av tidlegare møte i kommuneplanutvalet
Sist endra 17.12.2024 07.48