Parallelloppdraget

For å få innspel til korleis Stovevatnet kan utviklast i samspel med resten av Straume, lyste kommunen ut eit parallelloppdrag, i ein open konkurranse. 

Oversiktsbilete av Stovevatnet på Straume - Klikk for stort bilete

Parallelloppdrag vil seia at fleire arkitektteam arbeider parallelt med å utvikla idear for same område. Det vert ikkje kåra ein vinnar, men dei ulike ideane kan brukast fritt når kommunen skal laga sine planar for utviklinga av Stovevatnet og vidareutviklinga av Straume. 

18 arkitektteam meldte seg i konkurransen, og det var jamt over høg kvalitet på tilboda To team peika seg særleg ut. Dei vart valde fordi dei har ei spennande fagleg samansetting, og viser ei svært god tilnærming til oppgåva dei skal gjennomføra.

Arkitektane arbeidde med sine forslag frå november 2022 til mars 2023. I denne perioden var det gjennomført faglegeseminar og opne kveldsmøte for innbyggarar. Dei endelege forslaga vart presenterte i på eit sluttseminar den. 8 mars.

Her kan du lesa meir om utlysinga og bakgrunnen for parallelloppdraget: Utlysing av parallelloppdrag

Ein vurderingskomité, satt saman av representantar frå blant anna kommunen, fylkeskommunen, næringslivet og råda i kommunen har oppsummert parallelloppdraget i ein rapport. Rapporten tek utganspunkt i forslaga frå arkitektane og innspel frå innbyggarar og andre, som er komen inn undervegs i prosessen. Vurderingskomiteen har i rapporten komen fram til ti råd om korleis kommunen bør arbeida vidare med utviklinga av Stovevatnet og Straume.