Kunnskapsgrunnlag for Straume

I 2024 og våren 2025 vil kommunen arbeida for å skaffa oss nødvendig kunnskap for å ta gode avgjersler for framtidig arealbruk på Straume. I sluttrapporten for parallelloppdraget som kommunestyret slutta seg til i juni 2023, er det utforma 10 råd for den vidare utviklinga av Straume. 

Utifrå desse 10 råda har kommunedirektøren identifisert nokre tema og delprosjekt som kommunen skal arbeida vidare med. Lista nedanfor viser kva tema administrasjonen arbeider med og kva delprosjekt som er starta opp. Undervegs i arbeidet vil både politikarane og administrasjonen måtta vurdera ulike scenario for utvikling innanfor dei ulike temaa, for å til slutt komma fram til gode, framtidsretta og heilskaplege løysingar. Rapportar og liknande vert publisert her så snart dei er klare.

I tida framover skal vi arbeida fram desse kunnskapsgrunnlaga