Kva skjer til kva tid? (Straume)
Fram til no har arbeidet først og fremst handla om å skaffa oss nødvendig kunnskap, for å kunna ta gode avgjersler for framtidas arealbruk.
I kunnskapsgrunnlaget finn du meir informasjon om kva kunnskap vi skaffar oss, og når ulike rapportar vil vera klare.
Kva har vi gjort til no?
Våren 2024 var fokuset på dette arbeidet:
- Det vart gjennomført politisk vedtak om oppstart av strategisk planprogram og områdereguleringa av Stovevatnet.
- Politisk utval for plan og miljø fekk orientering om utkast til sentrumsutstrekning.
- Trafikk- og mobilitetsanalysen starta opp hausten 2023. Asplan Viak har dermed jobba med oppbygging av trafikkmodell og grunnlagsmateriale i trafikk- og mobilitetsanalysearbeidet.
- Arbeid med parkeringsstrategi starta opp og Multiconsult er innleigd for å jobba med fase 1 som handlar om å få ein oversikt over dagens parkeringssituasjon og gje konkrete råd til kommunen om korleis dei bør jobba vidare med parkering på strategisk nivå.
Kva skjer i tida framover?
Strategisk planprogram
- Vi arbeidar fram kunnskapsgrunnlag om fleire tema, der hovudfokuset i denne perioden er trafikk- og mobilitet, parkering og plassering av offentlege funksjonar og tenester. Med nytt Sotrasamband og eit sentrum som vert trekt nordover, er eit godt mobilitetssystem for mjuke trafikantar og biltrafikk avgjerande for Straume sentrum si framtid. Det kjem ein undervegsorientering om trafikk og- mobilitetsanlaysen i plan- og miljøutvalet i oktober. Endeleg rapport skal verte levert i desember 2024.
- Konsulentselskapet Multiconsult er ansvarleg for utarbeiding av første del av parkeringsstrategien. Rapporten skal vera ferdig i november.
- Det vert jobba aktivt med å lokalisere offentlege funksjonar og tenester i regionsenteret. Det er også pågåande dialog om kva for funksjonar kommunen kan sambruka med fylkeskommunen i bygget for den nye vidaregåande skulen.
Områdereguleringa for Stovevatnet/Straume sentrum nordre del
Asplan Viak er ansvarleg konsulentselskap for utarbeiding av områdereguleringa for Stovevatnet. Hausten 2024 vert det jobba med planprogram med utredningstema for konsekvensutgreiing, og det skal varslast formell oppstart av planarbeidet.
Strategisk planprogram
- I denne tida skal vi jobba fram kunnskapsgrunnlag og strategiar om tema som klima og energi, arkitektur- og byforming, bustadvariasjonar, naturverdiar og grøne verdiar.
- Det vil komma administrative orienteringar og politiske drøftingar.
- Strategisk planprogram skal behandlast politisk og vil bli lagt ut på høyring.
Områdereguleringa for Stovevatnet/Straume sentrum nordre del
- I denne perioden vil vi jobba med høyringsinnspela til varsel om oppstart og innhald i planprogrammet.
- Utvikla plangrep og medverknadsarrangement er hovudtema i denne perioden og vil strekka seg utover hausten.
Strategisk planprogram
- I denne tida vil det bli jobba med å bearbeida det strategiske planprogrammet etter høyringsperioden.
- Målet er å få vedteke Strategisk planprogram i desember.
Områdereguleringa for Stovevatnet/Straume sentrum nordre del
I denne perioden vil sjølva utarbeidinga av plandokumenta pågå. Plankart, planskildring, føresegner, illustrasjonar, ROS- analyse og andre tilhøyrande dokument vert jobba med.
Områdereguleringa for Stovevatnet/Straume sentrum nordre del
- I denne tida skal førsteutkastet til områdereguleringa vera ferdig og planen skal til politisk behandling. Kommunen vil då legga områdereguleringa ut på høyring (offentleg ettersyn), slik at det er mogleg å komma med innspel.
- Etter høyringsrunden må kommunen bearbeida innspela.
- I denne tida vert det jobba med ferdigstilling av planarbeidet og områdereguleringa skal sluttbehandlast politisk.
- Målet er at områdereguleringa skal bli vedteke i denne perioden.
Tidlegare orienteringar i Plan- og miljøutvalet
- Oppstartssak strategisk planprogram Straume og områderegulering Stovevatnet (vår 2024)
- Utkast til sentrumsutstrekning (vår 2024)
- Grunnlag for transportanalyse (vår 2024)
- Planstatus og utfordringsbilete Straume (vår 2024)
- Synfaring Straume (haust 2024)
Tidslinje: Strategisk planprogram for Straume og områderegulering Stovevatnet

Publisert 25.09.2024 08.15