Om arbeidet med Straume

Straume er regionsenteret i Øygarden kommune, og for Bergen vest og Askøy. Regionale offentlege tenestetilbod, handelstilbod, kultur og fritidstilbod, arbeidsplassar og kollektivknutepunkt er nokre av funksjonane som gjer Straume til vårt felles sentrum.

Kommunen er i gang med eit arbeid for strategisk planprogram for Straume sentrum og områdeplan for Stovevatnet. Strategisk planprogram skal innehalda langsiktige strategiar og prinsipp for arealbruk og tema som mobilitet, natur, klima, energi og gjennomføring i kommune- og regionsenteret Straume, slik at vi kan skapa gode samanhengar i sentrumsutviklinga og ha tydelege og langsiktige rammer for utviklinga. Områdeplanen for Stovevatnet skal sørgja for at vi har eit godt grunnlag for å starta bygginga av ny vidaregåande skule og rett disponering av offentleg eigedom på og rundt det nye byggearealet som vert etablert på Stovevatnet. 

Desse to planarbeida må gå som ein parallell prosess. Strategisk planprogram skal vera ferdig hausten 2025 og og områdeplanen vert vedteken innan hausten 2026. 

Framtidsretta kommuneplan

I 2006 vedtok Fjell kommunestyre ein ambisiøs og framtidsretta kommunedelplan, som har lagt grunnlaget for utviklinga og utbygginga av Straume. Den langsiktige målsettinga har vore at Straume sentrum skal transformerast frå eit kjøpesenterområde til eit fullverdig og attraktivt bymiljø. Straume skal vera eit levande, miljøvennleg og attraktivt regionsenter, med eit nærområde som støttar opp om sentrum. Kommunedelplanen for Straume har blant anna vore eit viktig styringsdokument for å forsterka helseklynga på Straume, men også for vidare arealplanlegging og bygging av nye kombinasjonsbygg med bustad og næring, utviding av kjøpesenteret, nye parkeringsanlegg for å frigjera sentrumsareal, park, torg og gatestruktur. 

I 2011 vedtok kommunen ein områdeplan for sentrum av Straume, som har bidrege til eit meir fleirfunksjonelt og urbant sentrum. I tillegg har det i dei seinare åra vore fleir private reguleringsprosjekt med bustader og næringsbygg tett på sentrumskjernen. Nokre av desse prosjekta er framleis er under utbygging. I 2013 vedtok også kommunen ein kommunedelplan for Bildøyna.

Nytt Sotrasamband, med blant anna vegløysing i tunell under Straume, oppdatert køyremønster, nye gang- og sykkelvegar langs riksvegen (retning aust - vest), ny kollektivterminal og nytt byggeareal på Stovevatnet gjer at vi må finna løysingar for nye og gode samanhengar i kommune- og regionsenteret. Delar av arealet på Stovevatnet er allereie satt av til vidaregåande skule og ny bussterminal med eigen kollektivtrase. Resten av Stovevatnet og nærliggande areal har eit stort potensiale for å bli eit viktig bidrag i å styrka Straume som eit attraktivt regionsenter, men også som nærmaste senter for dei som bur i området. For å få inspirasjon og innspel til ei framtidig utvikling av Stovevatnet, lyste kommunen ut eit parallelloppdrag innan arkitekt- og konsulentmiljøet i Skandinavia. Som resultat av dette sit vi att med gode analysar og forslag til løysingar for framtidas utvikling, både for Stovevatnet, men også for korleis kommune- og regionsenteret samla sett kan styrkast. Som del av parallelloppdraget er det også utarbeidd ein rapport med 10 gode råd med underpunkt, for vidare arbeid med Straume og Stovevatnet. Sak om parallelloppdraget var oppe i kommunestyret i juni 2023