Planstrategi 2024-2027

Planstrategien er ikkje ein eigen plan, men eit viktig styringsdokument der kommunen prioriterer planoppgåvene som skal gjennomførast i valperioden. Prioriteringane som vert gjort i planstrategien viser kva planoppgåver kommunen skal bruka både politiske og administrative ressursar på.  

Kommunestyret vedtok planstrategi for Øygarden kommune 2024-2027 i kommunestyremøtet 23. mai 2024 (KS-sak 058/24).

Planstrategi for Øygarden kommune 2024-2027

Planstrategien skal ta stilling til om samfunnsdelen og arealdelen til kommuneplanen skal vidareførast utan endringar, eller om dei skal reviderast heilt eller delvis. I tillegg kan planstrategien avklara kva for offentlege arealplanar, kommunedelplanar, temaplanar og sektor/fagplanar som skal vidareførast, reviderast eller gå ut. Planstrategien kan også ta stilling til om det er behov for å utarbeida nye planar i fireårsperioden.

I tillegg til å vurdera planbehovet, inneheld planstrategien ei skildring av plansystemet til Øygarden kommune, med tilhøyrande fireårsplan. Kommunen sin planstrategi er eit godt eigna verktøy for å vurdera kommunen sitt samla plansystem (figur 1). For at plansystemet skal fungera etter hensikta, må det vera tydeleg samanheng mellom kommunen sine ulike plantypar og kommunen sin handlingsdel med økonomiplan. God samanheng i plansystemet sin grunnstruktur er det viktigaste styringsverktøyet i kommunedirektøren si oppfølging og iverksetting av politiske mål, prioriteringar og vedtak.  

Plansystemet til Øygarden kommune - Klikk for stort biletePlansystemet til Øygarden kommune

Vedlegg til kunnskapsgrunnlaget

Kunnskapsgrunnlaget til planstrategien med folkehelseoversikt