I 2017 starta Sund kommune opp rullering av kommunedelplan for Skogsskiftet (KDP). Føremålet med planarbeidet er ikkje å gjere store endringar av planen frå 2011, men heller å forbetre og oppdatere planen til nye føringar. Det er også eit mål og gjere mindre endringar der vi har identifisert utfordringar med gjennomføring av planen. Arealbruken er i stor grad vidareført frå førre plan. Planen starta opp før kommunesamanslåinga og var eit interkommunalt planarbeid for å inkludera Trengereid/Søre Fjell i planen, med mål og å få ei meir heilskapleg arealforvaltning mellom sentrumsnære bustadområde og sentrum.
Øygarden kommune arbeider no vidare med det plangrunnlaget som vart levert av Multiconsult AS hausten 2019, og som byggjer på dialog og involvering i regi av tidlegare Sund kommune. Alle innspela som er kome inn til oppstart av planarbeidet vert vurdert. Korleis kommunen har vurdert innspela vil kome fram av saksframlegget til politisk behandling i Utval for plan (Ufp).
Kommunen har som intensjon å få kommunedelplanen opp til politisk behandling i Ufp i løpet av våren 2021, med påfølgjande offentleg ettersyn og høyring. Når kommunedelplanen ligg ute til offentleg ettersyn vil det igjen vera ope for å kome med merknader til planforslaget.
Kommunen vil ikkje gjennomføre enkeltmøter no før høyringa, men vil gjennomføre nødvendige møter i høyringsperioden. Merknader som kjem inn til offentleg ettersyn og høyring vert vurdert, og korleis kommunen vurderer merknadene vil kome fram i saksframlegget når saka skal til ny behandling i Utval for plan. Dette vert tidlegast i løpet av hausten 2021.