Tiltak for god trafikkflyt

Tiltaka vart vedteke i kommunestyret 20. juni 2024.

  1. Kommunestyret ber om at alle aktuelle tiltak vert arbeidd vidare med og set stor pris på at mange ulike interessentar både offentlege og private bidrar i dette arbeidet. Kommunestyret meiner at saka gir ein god skildring av mange av dei aktuelle tiltaka. 
  2. For å redusera den utfordrande situasjonen er det avgjerande at tal på bilar i pressperiodane vert  redusert. Eit viktig tiltak for å oppnå dette er gode og attraktive kollektiv-løysingar. Kommunestyret vil peika på at dette ansvaret ligg hjå Vestland fylkeskommune og ber om fortgang i følgjande: 
    • Reetablering av arbeidsruter til Haukeland sykehus 
    • Auka kapasitet på dei avgangane som i dag har stort press 
    • Vurdera auka kapasitet på ekspressavgangar frå Ågotnes og Skogsskiftet 
    • Vurdera å setja opp eigne ekspressavgangar frå Straume som køyrer direkte til Bergen 
    • Vurdera prøveprosjekt med båt frå Ågotnes i samarbeid med Bergen havn 
    • Auke det økonomiske tilskotet til dei som nyttar seg av Nabogo 
  3. Kommunestyret vil ha jamleg orientering om framdrifta i prosjekta – første gang i kommunestyret.
  4. Kommunestyret løyver kr 1 200 000 til gjennomføring av ulike tiltak, jf saksutgreiinga. Løyvinga vert finansiert ved meirinntekter eigedomsskatt 2024 
    5. Tiltak nr 9 - Parkeringsavgift ved rådhuset, helsesenteret, parkeringsanlegget v/Fjell sjukeheim og LMS utgår. 

Desse punkta følgjer saka for vurdering i prosjektgruppa

  1. Vidareføra fysisk stenging av utkøyrsel til riksveg ved Bildøy. 
  2. Sykling forbode over Sotrabra i rushtida om morgonen og om ettermiddagen. 
    Utgangspunkt: Gjera det enklare og meir framkomeleg for dei reisande.

Forslag til nye punkt

  1. Premiera den beste «bussaren». Peika ut «Årets bussar» og tilby gratis busskort det påfølgande året. Eventuelt premiera den som tar bussen 4 månader på rad med gratis buss i dei neste 4 månadane. 
  2. Haldningskampanje for å få fleire reisande til å nytta kollektivtransport. Kampanjen må gjerne ha eit ekstra fokus på reisevanane til menn, som er dei som kjeftar mest, men som det er vanskeleg å endra reisevanane til. 
  3. Senda ut konkrete oppfordringar til arbeidsgjevarar om å tilretteleggja for ein meir fleksibel arbeidstid der dette er mogleg, gjerne ein informasjonsbrosjyre. 
  4. Ha googlekart lett tilgjengeleg som viser sanntid i trafikksituasjonen. Her kan ein ha 
    informasjonstavler, landingsstad på nettsida til kommunen og eventuelt andre stader som gjer at den enkelte kan planlegge ut frå trafikksituasjonen. 
  5. Inngå avtale mellom Sartor Storsenter, fylkeskommunen og kommunen om opning av nedste dekket i Kystbygarasjen med gratis parkering om ein nyttar seg av kollektivtransport vidare.
  6. Inngå forhandlingar med fylkeskommunen om å gjenoppretta ruta Straume – Haukeland universitetssjukehus i perioden bygginga av Sotrasambandet skjer. 
  7. Etablera direkteruter frå Rong til Bergen eventuelt til Straume for vidare reise. Erfaringar tilseier at når ein må byggja transportmiddel fleire gonger, har ein mista mange reisande på vegen. 
  8. Etablera ein direktebuss mellom Skogsvåg og Ågotnes. 
  9. Sjå om det er mogleg å tilretteleggja for parkering ved skular og barnehagar som ligg i nærleiken av kollektivstopp, slik at ein kan letta situasjonen med levering og henting av barn i barnehage og SFO.
    Forslag fremja på «trafikkmøte» i regi av Vest Næringsråd:

Tilretteleggja for kollektivbruk

  • Gratis parkering på knutepunkt med tilhøyrande kollektivtilbod, gjerne også med gratis kollektivtilbod for å klara å få ei varig endring i handlingsmønster.
  • Samhandling mellom Bergen, Askøy og Øygarden for eit heilskapleg kollektivtilbod for alle.
  • Auka kapasiteten på Storavatnet som knutepunkt.
  • Bildelering på knutepunkt.
  • Etablera type parker og reis på Kolltveit, Tellnes, Straume og Laksevåg/Storavatnet/Drotningsvik. Shuttlebuss knytt til parker og reis.
  • Prioritera kollektivtrafikk der det er mogleg (t.d. Bildøybakken og over Bildøy) 
  • Færre stopp på direkteruter til sentrum. 
  • Båt frå Ågotnes til Flesland kai, med buss vidare til Sandsli, Kokstad og Flesland

Informasjonsarbeid

  • Stort behov for informasjon om tiltak som kollektivtilbod, endringar i trafikkavvikling osv. Informasjon breitt ut til i alle kanalar (SoMe).
  • God kommunikasjonsflyt – treffa målgruppe. Kommunen må ha dialog med bedrifter i Bergen og på Askøy.
  • Informasjonspakke til bedriftene ein gong i veka, med informasjon om kva som skjer spesielt akkurat no. 

Vegtiltak

  • Vurder tidspunkt for stenging av veg over Bildøyna. Det hadde hjelpt å endra tidspunktet for «gjennomkøyring forbode» frå kl. 06.00 til 07.00.
  • Gjeninnføra «trafikkdirigenten».
  • Vurder forbod! Vel og bra å sykle, men ikkje over Sotrabrua i rushtida. Kan sykkel-buss vera løysing?
  • Eige køyrefelt utanom rundkøyringa på Kolltveit. 
  • Iverksett tiltak for å få folk til å gje gass på brua samt tette lukene

Andre 

  • Oppfordra til type datokøyring. Berre køyra annakvar dag. 
  • Vurder å opna barnehagar tidlegare om morgonen.