Reis smart!

Det viktigaste bidraget til å sikra god trafikkflyt er å redusera talet på bilar i trafikken. Vi kan reisa smart ved å ta bussen, bruka innfartsparkering og samkøyra. Dette fører til færre bilar på vegane og mindre kø.

Ta bussen

Dette er eit effektivt tiltak for betre trafikkflyt. 

Start reisa di på Skyss.no

Parker og reis

Parker bilen på ein av innfartsparkeringsplassane og ta bussen vidare. 
Vi har innfartsparkering her: 

  • Straume bussterminal 
  • Skogsskiftet (fylkeskommunal, krav om månadskort hjå Skyss)
  • Ågotnes bussterminal
  • Fjell sentrum (v/ Fjell skule vis a vis Fjell kyrkje), innkøyring v/ Rema 1000
  • Fjell festning (parkeringsplass langs fylkesveg 560)
  • Gamle Tellnes skule
  • Vorland
  • Stranda skule
  • Tjeldstø terminal
  • Blomvåg terminal

Start reisa di på Skyss.no

Bruk samkøyringsappen Nabogo

Last ned appen Nabogo! Med periodebillett er det gratis å vera passasjer om du finn tilbod som passar for deg på Nabogo-appen. Utan periodebillett: Første 10 kilometer gratis, deretter eí kr pr kilometer. Sjåføren får alltid minimum 15 kroner pr. passasjer for dei første 10 kilometrane, deretter eí krone pr. kilometer. Betaling skjer via appen til Nabogo. Tilbodet gjeld for reiser på ruter som stoppar eller startar i Øygarden eller Askøy

Last ned Nabogo i Google Play
Last ned Nabogo i App Store

Samarbeid mellom verksemder

Bedrifter og andre verksemder kan samarbeida om transport til og frå arbeid. Dette må vera avtalte ordningar som ikkje kjem i strid med bussrutetilbod som er konsesjonspliktig. 

Trafikkstatistikk og trafikkflyt

På nettsida til Statens vegvesen finn du trafikkstatistikk. Du kan velja delstrekningar.

Her finn du  trafikkinformasjon om trafikkflyten no. (Klikk på aktuelle strekningar)