Vi treng god trafikkflyt i anleggsperioden for Sotrasambandet
Vi gler oss over at eit nytt sotrasamband vil stå klar til bruk i juni 2027. Men før det opnar, må vi sikra så god trafikkflyt som mogleg på eit allereie trafikkbelasta vegnett.
Bildøybakken | Foto: Sotra LinkRundt 30 tusen køyretøy passerer Sotrabrua ein vanleg kvardag. Brua i dag har ikkje kapasitet til å takla ein så stor trafikk utan at det oppstår kø i rushtida. Fram til 2027 vil det gå føre seg anleggsarbeid i samband med det nye sambandet. Også dette bidreg til at det oppstår kø på sårbare strekningar på riksveg 555 mellom Kolltveit og Bergen.
Øygarden kommune har i 2024 starta prosjektet «God flyt». Målet med prosjektet er å få ein så god flyt i trafikken på vegane som mogleg i byggjeperioden for Sotrasambandet. Det er nødvendig å erstatta ein del av personbiltrafikken med kollektivtransport, samkøyring, sykling og gange.
Kommunestyret vedtok den 20. juni ein omfattande tiltakspakke der summen av rundt 50 tiltak skal bidra til færre personbilar i trafikken og redusert kø. Her kan du lesa saksutgreiing og vedtak.
Oversikt over trafikktiltak for Sotrasambandet. Kart: Sotra LinkPå nettsida til Statens Vegvesens finn du oppdatert trafikkinformasjon for Sotrasambandet.
Sist endra 04.07.2024 09.20