Gjesteelevar

Ein gjesteelev er ein elev som ikkje går på skule i heimkommunen sin. Heimkommunen er den kommunen der ein har folkeregistrert adresse.

Eksempel:
Du bur i Øygarden kommune og skal flytte til Bergen kommune men ønskjer at barnet ditt skal få halde fram på skule i Øygarden kommune. Dersom du får innvilga søknad blir eleven ein gjesteelev i Øygarden kommune.

Saksgang

I slike situasjonar må føresette søkje ny bustadkommune om å innvilga/få behalde sin skuleplass i den gamle kommunen. Heimen må sjølv ta kostnad for transport til og frå skulen.

Dersom søknad vert innvilga vert avtale gjort mellom kommunane.

Desse sakene er ikkje saker som rektorar ved skule i ny og gammal kommune skal avgjere, men ei sak mellom leiingane i dei involverte kommunane. I slike saker vurderer Øygarden kommune om vi har plass/ ønskjer å inngå ei slik avtale med ein annan kommune.

Bustadkommunar ønskjer hovudsakleg å gje skuleplass i eigen kommune. Unntaksvis er det situasjonar som gjer bustadkommunen innstilt på å innvilge skuleplass i annan kommune. Barn i fosterheimar og eventuelt ved andre spesielle vilkår, kan og gjere at bustadkommunen vurderer å betale for skuleplass i annan kommune. 

Øygarden kommune
Telefon 56 16 00 00