Smart mat

Gode matvanar blir lagt tidleg, og dei matvanar som barna lærer heime vil dei ta med seg vidare inn i ungdomsåra og vaksenlivet. 

Ill. Pixabay - Klikk for stort bilete

Barn og unge treng jamn tilførsel av energi og næringsstoff for å vekse og utvikle seg. Vi kan tenke at kroppen er som ein motor som treng bensin for å fungere. Maten er som drivstoff for kroppen. Når vi et mat vil det gi oss krefter slik at kroppen fungerer som den skal. 

Smart mat gir meir energi, betre humør og styrkar immunforsvaret. Smart mat inneberer blant anna eit variert kosthald med mykje grønsaker, frukt og bær, grove kornprodukt, magert kjøt og meieriprodukt, mjuk margarin, og vatn som tørstedrikk.

Mindre smart mat er matvarer med lite næringsstoff og/eller mykje sukker. Får barn i seg mindre smart mat eller for lite mat, vil det gi eit lavt eller svingande blodsukker. Dette kan gjere at barnet blir trøytt, ukonsentrert, humøret blir påverka, ein blir fort svolten igjen, og får lite energi og overskot i kvardagen.

Ein smart frukost og ei god matpakke held barnet mett over lengre tid, gir betre konsentrasjon og hukommelse, og overskot til både skule og andre kvardagsaktivitetar.

Barn er avhengige av gode vaksne som planlegg og legg til rette for eit variert og godt kosthald.

Tiltak i «Helsefremmande skule» - satsinga knytt til tema smart mat

Kjelder og nyttige lenkjer