Om Pedagogisk psykologisk ressurssenter
Fagavdeling i barnehage og skule er organisert under PPR. Denne fagavdelinga jobbar med det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehage og skule i Øygarden kommune. PPR består av ulike fagpersonar som jobbar med sakkunnig vurdering, rettleiing og system- og utviklingsarbeid i barnehage og skule. Under PPR ligg også utøvande teneste som logoped og spesialpedagog i barnehagen, rettleiing knytt til barnehage og skule, og barnehagemynde inn mot vedtak og barnehagelova (§§31 og 37).
Pedagogisk psykologisk ressurssenter (PPR) samarbeider og gjev rettleiing/støtte til barnehage, skule og føresette. Inkluderingsperspektivet er sentralt for det pedagogiske utviklingsarbeidet i barnehage og skule. Det er eit mål at stadig fleire barn og unge blir tatt i vare innanfor det allmennpedagogisk barnehagetilbodet og i den ordinære opplæringa i skulen.
Organisasjonskartet
PPR utgjer ei samla ein fagavdeling organisatorisk plassert under skulesjefen og barnehagesjefen.
Sist endra 21.08.2024 07.27